Hopp til innhold

Noregs eldste nær-TV-stasjon må legge ned

Det er Noregs eldste nolevande nær-TV-stasjon som blir lagt ned når TKTV i Kristiansund legg ned drifta i løpet av året.

Tore Dyrnes

Redaktør i Tidens Krav, Tore Dyrnes.

Foto: Roar Halten / NRK

Avisa Tidens Krav avviklar etter alle solemerke både TV- og nærradioverksemda si etter påtrykk frå Amedia-konsernet som eig avisa.

– Det har vore lokal-TV i Kristiansund samanhengande sidan våren 1987, så det er mange som kjem til å sakne tilbodet når det forsvinn frå Nordmøre, seier redaktør i Tidens Krav, Tore Dyrnes.

Tidens Krav

Tidens Krav i Kristiansund må legge ned TV- og radioverksemda si.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

TKTV er den eldste lokal-TV-stasjonen i landet som framleis er i drift – og den siste i Møre og Romsdal. Men no er det altså etter alle solemerke slutt både for nær-TV og nærradio i regi av Tidens Krav. Eigarkonsernet, Amedia, ber styret i avisa om å legge ned begge deler. Drifta vil dermed bli avvikla i løpet av 2015.

Stordomstida for nær-TV i Noreg var første halvdel av 1990-talet. Ifølgje tal frå Medietilsynet var det 84 lokale allmennkanalar i drift i 1991. Ved utgangen av 2013 var talet 15.

– Forferdeleg trist

Svein Junge

Svein Junge meiner det er feil å legge ned TV- og radiodrifta.

Foto: Ellen-Marie Pedersen-Gustad / Tidens Krav

Redaktør for levande bilete i Tidens Krav, Svein Junge, har vore med i nær-TV-drifta i Kristiansund heilt sidan starten. Han synest det som skjer no er forferdeleg trist.

– Avgjerda er feil fordi vi gir frå oss moglegheiter vi neppe får tilbake, seier Junge. Han meiner Tidens Krav blir svekt når dei legg ned TV og radio fordi papiravisa går dårleg.

– Rett avgjerd

Tidens Krav skal framleis drive med både lyd og bilde, forsikrar redaktør Tore Dyrnes, men ikkje på den måten dei gjer i dag. Video og anna strøyming av innhald vil vere å finne på Tidens Krav sine nettsider i framtida.

Redaktøren meiner det er ei rett avgjerd å legge ned på grunn av dei store endringane avisbransjen er inne i.

– Verken TV eller radio har vore ein del av kjerneverksemda vår. No må vi konsentrere oss om det som er viktig for oss i framtida, seier Dyrnes.

– Må bli færre

I TKTV og nærradioen er det fleire tilsette som i dag driv berre med radio og TV.

– Vi veit ikkje enno kor mange færre vi må bli. Vi må berre tilpasse oss dei pengane vi har, seier Tore Dyrnes.