Hopp til innhold

Dette er Noregs einaste jeansfabrikk

Blant butikkar, kontor og leilegheiter i Kjøpmanngata i Trondheim finn du ein bit historie. Her ligg nemleg Noregs einaste jeansfabrikk, Livid Jeans.

Livid

FABRIKK: I Trondheim finn vi Noregs einaste jeansfabrikk og klesmerket Livid. Bak det står voldingen Jens Olav Dankertsen.

Foto: Ole Aleksander Ekker

Inne i fabrikken, omgitt av gamle symaskiner, krit, måleband, tråd og denimstoff står Jens Olav Dankertsen, gründeren bak det heile.

Dankertsen er opphavleg frå Volda på Sunnmøre, men flytta til Trondheim etter vidaregåande. Der oppdaga han ein lidenskap for ein spesiell type materiale, nemleg denim.

– Det var fyrst då eg byrja å jobbe i klesbutikk at eg oppdaga ein heilt spesiell entusiasme for denim og jeans. Eg hadde nok ikkje jobba med klede i dag, dersom det ikkje hadde vore for den interessa, seier Dankertsen.

Starta på bar bakke

Livid Jeans har i dag stor suksess både i Noreg og utlandet, men det har ikkje alltid vore like lett. Selskapet starta opphavleg i 2010, og oppstod som ein idé blant fire vener. Med stort pågangsmot og eit felles engasjement for denim sette dei ideen om eit eige jeansmerke ut i livet.

Livid

DRØYMAR: Jens Olav Dankertsen frå Volda har valt å satse på draumen, og gjer no stor suksess med klesmerket Livid.

Foto: Torbjor Buvarp

Det dei mangla i relevant utdanning og erfaring, tok dei igjen i interesse og lærelyst. Dei gjorde eit raskt Google søk på denim, noko som gav lite informasjon, så i september 2010 tok dei turen til Paris, og ei av verdas største tekstilmesser.

– Vi hadde verken visittkort eller produkt, så vi leita eigentleg etter denim til eit produkt vi ikkje hadde enno. Ingen av leverandørane ville prate med oss, så eg trur vi verka ganske useriøse, seier Dankertsen.

Turen til Paris er eit spark i rumpa. Tilbake i Noreg innser dei at det er alt eller ingenting. Skal dei satse må dei gjere det hundre prosent.

Det er mange hinder på vegen, og ved slutten av 2010 står det berre to vener att. Eitt par månadar seinare er det berre ein igjen, nemleg Dankertsen sjølv.

– Eg trur det er lett å sjå for seg korleis det kan bli. Tanken på å selje til butikkar og enkeltpersonar, og at det vil selje bra. Men bak kulissane ligg det utruleg mykje arbeid, både i forhold til design, konstruksjon og økonomi.

Ein fire år lang læringsprosess

Trass i problem var Dankertsen framleis like bestemt. På slutten av 2010 kjøpte han si fyrste symaskin og bestemmer seg for å gjere jobben sjølv. Utstyrt med ein 90-graders vinkel, penn, saks og papir sette han i gang. Det tok om lag ni månader med prøving og feiling før den fyrste buksa er klar.

– Eg hadde ei klar meining om korleis buksa skulle sjå ut. Det fyrste året lagde eg mønster og sydde om lag åtte til ni timar kvar dag. Eg trur eg laga mellom 60 og 70 bukser før eg var nøgd, seier han.

I tillegg jobbar han fulltid ved sida av for å kunne finansiere jeansprosjektet. Etter kvart byrjar han også på BI for å studere økonomi.

Livid

SJØLVLÆRT: Det fyrste jeansparet tok om lag ni månader. Dankertsen har brukt mykje tid på å lære seg saum og design.

Foto: Torbjorn Buvarp

– Eg ville lære meg det økonomiske aspektet ved det å drive ei bedrift, samtidig som eg sakte men sikkert bygde opp eit varemerke og byrja å marknadsføre det i det små. På same tid lærte eg meg å sy og designe, seier Dankertsen.

I nesten to år held han fram på denne måten. Studere, sy og selje jeans i det små. I mellomtida utviklar han ein forretningsplan og etablerer den forretningsmessige sida ved bedrifta.

Sakte men sikkert byrjar ei bedrift og ein kolleksjon å ta form. For Dankertsen har det vore tidenes læringsprosess.

– Eg har nok jobba konstant dei siste fire åra, og det har vore utruleg slitsamt, men eg trur aldri eg kjem til å lære så mykje som eg har gjort desse åra, seier han.

– Det er veldig lett å sprette opp eit par med jeans og lage ei bukse. Eg var meir opptatt av at eg skulle lære meg mønsterkonstruksjon for å kunne utvikle eigne modellar som var Livid-modellar, og som ikkje høyrer til nokon andre, held han fram.

I stadig utvikling

Det har vore mange seine kveldar og travle dagar. Den fyrste jeansen har fått selskap, og merket tilbyr no to kolleksjonar. Ein handlaga kolleksjon som blir produsert på fabrikken i Trondheim og ein ready to wear-kolleksjon produsert i Portugal.

Ideen, som starta med ei lita systove på om lag 12 kvadratmeter i leilegheita til Dankertsen, har no utvikla seg til ein fabrikk og butikk i Kjøpmanngata, i tillegg til ein eigen nettbutikk. Livid leverer klede til ein butikk i Danmark, ein i Sverige og 16 butikkar i heile Noreg. På nett er det Canada, USA, Nederland og Tyskland som er dei største marknadane.

– Det som fascinerer oss er at dei kleda vi sel mest av til utlandet er dei kleda vi produserer her i Noreg. Det viser at det går an å drive denne type klesproduksjon i Noreg og leve av det.

I midten av august flyttar Dankertsen fabrikk, butikk og kontor og opnar nye lokale i Trondheim sentrum.

Laga jeans på gamlemåten

Med stoff frå Japan eller USA, produserer han jeans på gamlemåten. Også stoffet skal vere tradisjonsrikt.

Livid

TRADISJONSRIK: På gamle maskiner syr Jens Olav handlaga jeans til kundane.

Foto: Ole Aleksander Ekker

På maskiner datert tilbake til 18–1900-talet blir denimen sakte vove i dei beste bomullsstoff.

Tek du turen innom fabrikken i Kjøpmannsgata skal du ikkje sjå vekk ifrå at du finn Dankertsen sittande bak ei av dei 23 industrisymaskinene som står i fabrikken.

Også symaskinene har ei rik historie. Den eldste maskina er frå 1939, den nyaste omtrent 25 år gamal. Maskinene er henta frå fleire stadar i Noreg. Nokre frå Austlandet, men mesteparten frå Sunnmøre.

– Eg har nokre symaskiner som har stått på fabrikkar i Sykkylven, Volda og Ørsta. Det er ein ganske unik kjensle å bruke symaskiner som har stått på mine heimtrakter på 40-50-60-talet, seier Dankertsen.

Tradisjonsrikt

Livid bygger også på andre tradisjonar. For Dankertsen har det vore viktig å ta vare på det menneskelege elementet i industrien og i ei verd som blir stadig meir automatisert.

– Det gir ei heilt anna kjensle når eit handlaga produkt er ferdig og du kan sjå at det lever i ettertid. Konstruksjonen er sjølvsagt plettfri, men det opnar opp for litt meir menneskelege saumar, som kanskje ikkje treng å vere perfekt heilt på millimeteren.

Han meiner det er viktig å ta vare på gamle kunstar, at ein ikkje må gløyme å bruke hendene og at ein held fram med å ta vare på tradisjonane.

– Eg trur det er lett å gå inn i ein butikk og kjøpe seg ei bukse til 200 kr, og så gløymer ein ansvaret sitt. Det er viktig å tenke over kva ein kjøper og korleis det har blitt laga, seier Dankertsen.

– Klesindustrien er lite berekraftig, og det er vi forbrukarane som styrer denne utviklinga, held han fram.

Nære band

Det er ingenting i Livid som er overlate til tilfella. Det fyrste jeansparet han laga selde Dankertsen til bestekompisen Kristoffer Dagslott. I 2013 gjekk han inn som medeigar i bedrifta, og i dag jobbar han i Livid saman med Dankertsen, industrisyerska Renata, og lærlingen Frank.

Også marknadsføringa av merket er omfatta av dei nære relasjonane. Dankertsen brukar bevisst vener i alt frå modellar til fotografer. For han er dette viktig for å få skape ei nærleik og ektheit i merket.

– Det skal ikkje berre vere ei skjorte, den skal gi ein kjensle, og det skal ligge verdiar bak. Vi prøvar å spegle det i alt vi gjer, det skal vere ekte, seier han.

Saman med ein av sine nære vener, fotograf Ola Aleksander Ekker, har han også utvikla samarbeidsprosjektet Fades of Indigo. Der samarbeider dei to for å fremje det beste i kvarandre.

– Tanken er at Ole ikkje berre skal ta bilete til ei «lookbook» for meg, og han skal ikkje berre nytte kleda mine som tilbehøyr til bileta sine, men at vi skal viser fram det beste av kvar våre handverk, seier Dankertsen.

Drivkrafta

Trass i at Dankertsen sjølv alltid har hatt tillit til prosjektet, så er det ikkje alle som har vore like positive.

Livid

ENGASJERT: Jens Olav er svært involvert i alle delane av merket, og brenn for arbeidet sitt.

Foto: Ole Aleksander Ekker

– I starten trur eg det var mange som tenkte kva er det han Jens styrer med no, seier han og ler.

– Det var også nokre som spurte kva som var så spesielt med mine jeans. På det tidspunktet var det veldig vanskeleg å svare på akkurat det, held han fram.

Trass i nokre skeptikarar har det alltid vore mange som har støtta han, blant anna familie, vener og kjærast, noko Dankersen er takknemleg for.

– Ta kjærasten min for eksempel, ho budde saman med meg under heile løpet, frå den vesle systova eg hadde på 12 kvm i leilegheita vår til no.

– I ei periode sat eg og sydde og konstruerte mønster til langt på natt, og så sto eg tidleg opp kvar morgon for å gå på jobb. Støtta frå dei næraste har vore avgjerande.

Framtida

Dankertsen set pris på at han kan få jobbe med det han trivest aller best med, og i tillegg er han stolt. Stolt over seg sjølv, og kva han har fått til.

– Eg trur det er viktig å vere stolt av det ein held på med. Det er klart at når ein står midt opp i det sjølv, så er det vanskeleg å vere heilt objektiv, men eg har ein visjon og eg veit kor eg skal, seier han og ler.

Dankertsen har heile tida hatt ei klar målsetjing, og trur det har vore ein viktig del av suksessen hans.

– Eg har aldri sagt at eg håpar eg kan få det til, eg har sagt at eg skal få det til. Eg er ein vanvettig sta person, så når eg bestemmer meg for noko så skal eg få det til, seier han og ler.

Han meiner det er viktig å gi seg sjølv ros frå tid til anna. I butikken i Kjøpmannsgata har han laga seg eit lite hjørne. Der set han seg på slitsame dagar, ser utover butikken og tenkjer over kor langt han har kome. I tillegg trur han det hjelper å lage noko du er stolt av.

– Det å kunne gå heim frå jobb kvar dag og vite at du har gjort noko bra. At du produserer eit produkt som er berekraftig og at du har tilsette som trivst i jobben sin. Det er svært viktig for meg, seier Dankertsen.

Og sjølv om han har kome langt dei fire siste åra, så er drøymaren Jens Olav Dankertsen ikkje ferdig med å drøyme. Han lagar stadig nye draumar og målsetjingar for framtida, men seier det samtidig er viktig å huske kvifor ein starta.

– Produksjonen i Noreg er grunnmuren i bedrifta. Det var heile grunnen til at eg ville starte produksjon i Noreg, slik at vi kunne fremje tradisjonane, handverket, produksjonen og medvitet rundt produksjonen av kle, seier han

– Eg har kome langt, men det er enno mykje eg vil oppnå, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL