Hopp til innhold

Europameistrar frå Molde

Både dame- og herrelandslaget vann sine EM-finalar i undervassrugby i Helsinki laurdag. Over halvparten av europameistrane kjem frå Molde undervannsklubb.

Landslag i undervannsrugby

Både herre- og damelandslaget i undervannsrugby vann EM-finalane i Helsinki i Finland laurdag.

Foto: Privat

Damelandslaget slo regjerande verdsmeister Tyskland i sin finale laurdag ettermiddag. 2-0 vart resultatet og det var Molde-jenta Amanda Barsten som stod for begge måla.

Dermed var det den norske nasjonalsongen som kunne høyrast i symjehallen i Helsinki i Finland.

Like etter var det herrelandslaget sin tur til å hoppe i bassenget. Dei skulle måle krefter med Danmark. Kampen var jamn, men Norge vann til slutt 1-0. Også dette målet var det ein spelar frå Molde undervannsklubb som stod for, nemleg Øyvind Nyhus.

Les også:

Samspelte moldensarar

Undervassrugby-miljøet i Molde er heilt spesielt, og spelande trenar for herrelandslaget, Iver Bjørnrem, også han frå Molde UVK, uttalte før finalen at det er ein fordel for landslaga at så mange av spelarane kjem frå same klubb.

– Vi har eit mykje meir samspelt landslag. Det er ein av suksessfaktorane for landslaget dei siste ti åra.

På herresida er Norge dobbelt verdsmeistrar i undervassrugby, medan Tyskland er regjerande Europa-meistrar. Den tittelen har Noreg aldri tatt, men etter laurdagens siger mot Danmark står også det på merittlista.