Hopp til innhold

Heilt i front med ny miljøvennleg teknologi

Bruken av miljøvennleg teknologi har skutt fart dei siste åra, og Norge er leiande på området. I dag tok Kystverket i bruk sit første hybridskip.

OF «Bøkfjord» Kystverket

OV «Bøkfjord» er Kystverkets første hybridskip. Det multifunksjonelle fartøyet, som skal gå i teneste i Troms og Finnmark, blei døypt i Ålesund torsdag 15. september 2016.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kystverket døypte sin nyaste flåte OV «Bøkfjord» i Ålesund i dag. Skipet som skal jobbe på installasjonar og som oljevernfartøy i Troms og Finnmark, er Kystverkets første hybridskip. Det har i tillegg den største batteribanken som til no er installert på eit norsk fartøy av denne typen.

Med få tastetrykk kan maskinisten no enkelt slå av dieselmotoren og gå over til elektrisk. Skipet har nemleg bytta ut den eine dieselmotoren med ein elektrisk motor, noko som gir ei anna oppleving om bord.

– Før det første blir det mykje stillare no, seier Roald Balovara, maskinsjef på OV «Bøkfjord».

Mindre forbruk

17 batterirekker med 14 batteri i kvar, skal gjere at Kysterket bruker mykje mindre diesel enn i dag.

Roald Balovara, maskinsjef på OV «Bøkfjord».

Roald Balovara, maskinsjef på OV «Bøkfjord» er fornøgd med det nye skipet.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– No kan vi ligge med mindre dieselmotorar på og ta straumtoppane med batteriet. På den måten kan vi vere meir energieffektive. Vi ligg ved mange kaier, men det er ikkje alle som har nok straum til oss.

Dersom vi hadde hatt eit aggregat på båten ville det ha brukt omtrent 6–700 liter på ei natt, det slepp vi no, seier Roald Balovara, maskinsjef på OV «Bøkfjord».

Mindre eksos og støy skal ikkje berre gjere det meir behageleg om bord. Kystverket trur også dei får litt mindre klager frå land når dei no ligg ved kai.

– Det blir mykje mindre bråk no enn før. Men det blir kanskje mest uvant for oss sjømenn å ha det heilt stille om natta, seier Balovara med eit smil.

Sterke lokale krefter

Mange av morgondagens grøne framdriftssystem på havet blir utvikla i Norge. Prosjekt som Kystverket sitt hybridskip og dei nye hurtigrutene er med på å drive utvikling av nye batteriløysingar framover.

John Roger Nesje, salssjef i Rolls Royce.

John Roger Nesje, salssjef i Rolls-Royce.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Hybridløysinga til dei nye hurtigrutene blir utvikla av Rolls-Royce og skal byggast ved Kleven verft i Ulsteinvik. Ved Rolls-Royce sine kontor i Ålesund jobbar dei hardt med ulike prosjekt. No går det fort, og det er her det skjer.

– Vi ser at fleire batterileverandørar kjem til Norge med sine sals- og marknadskontor fordi det er her det skjer. Her sit dei som lagar systema og som har kompetansen til å integrere dei i eit fartøy, seier John Roger Nesje, salssjef i Rolls-Royce.

No i september lanserte regjeringa ei ny støtteordning til bygging av fleire miljøvennlege ferje og skip. 65 millionar kroner skal brukast på utvikling av ny teknologi. Ved Rolls-Royce er dei sikker på at det som blir utvikla no er viktig i framtida.

– Det er heilt klart at dette vil vakse. Eg er overbevist om at batteriet vil vere nesten overalt om fem år. Difor må vi intensivere arbeidet vårt med nye batteriløysingar og systema rundt dei, slik at vi kan møte dei krava som kjem, seier Nesje.