Hopp til innhold

Langt frå verdas lykkelegaste land

Tittelen som verdas mest lykkelege land gjorde nordmenn stolte i 2017. No fell vi stadig på lista.

Acacia Hall.

1-10: Acacia Hall er dansk og nøgd med livet. Ho svarar 8 når vi spør ho om kor lykkeleg ho er på ein skala frå 1 til 10. No bur ho i Ålesund. Heimlandet hennar, Danmark, er nummer to på lista over verdas mest lykkelege land.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg er ganske lykkeleg. Eg vil seie eg ligg på ein sterk åttar, opp mot ni.

Det seier Thea Nordstrand når vi møter ho på gata og ber ho om å rangere kor lykkeleg ho er i livet på ein skala frå ein til ti.

Ho har akkurat starta på to veker ferie, og et is i sola saman med farmor, Inger-Karin.

Lykke!

Inger-Karin Nordstrand og Thea Nordstrand.

STERK ÅTTAR: Thea Nordstrand er nøgd med livet. Verken hunden eller farmora ville svare på NRK sine spørsmål

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men i snitt har vi blitt litt mindre lykkelege dei siste åra.

FN kåra Noreg til det lykkelegaste landet i verda i 2017.

Sidan den tid har vi ramla stadig lenger ned på lista. I fjor hamna vi på 6.-plass. I Verdas lykkerapport 2022 er vi nummer åtte.

Samtidig held fleire av nabolanda våre stand. Finland kan kalle seg verdas lykkelegaste land for femte år på rad.

På botnen av rapporten finn ein land som gjerne er prega av fattigdom, krig eller andre kriser. I år er det Zimbabwe, Libanon – og nedst – Afghanistan.

Så kvifor er vi mindre lykkelege enn i 2017?

Jimmy Nymoen og sonen Palmer Nymoen Gjørtz.

1-10: Jimmy Nymoen svara 9 på spørsmål om kor lykkeleg han er frå 1 til 10. På armen har han sonen Palmer.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Finland på topp

– Mange skøyar med at vi finnar ikkje verkar så lykkelege når du snakkar med oss. Men vi ser gang på gang i slike undersøkingar at folk her i landet er svært nøgde med livet sitt. Enkelte hevdar at vi finnar er lite kravstore, seier Heikki Hiilamo.

Han er professor hos det finske svaret på Folkehelseinstituttet, THL.

Hiilamo seier undersøkinga viser eit totalbilde. Det gjer det vanskeleg å trekkje fram enkeltfaktorar til at Finland gjer det så bra.

– Men om eg skal peike på noko må det vere stabilitet. Etter ei stor krise på 90-talet har økonomien vore stabil, utan store svingingar, dei siste åra, seier Hiilamo.

I tillegg er høg tillit, låge sosiale forskjellar og ein god velferdsstat viktig, meiner han.

Heikki Hiilamo

THL: Heikki Hiilamo har doktorgrad i statsvitskap og filosofi. Han jobbar som forskar ved Instituttet for helse og velferd i Finland.

Foto: Antti Haanpää / YLE

Mindre tru på framtida

Ragnhild Bang Nes forskar på psykisk helse ved FHI.

Også ho trekk fram sosiale forskjellar. Medan THL peikar på at forskjellane i Finland har vore stabile dei siste åra, har dei auka i Noreg.

Ein større del av folket i Noreg lever med varig lav inntekt, og ein større del av barna i landet veks opp i fattigdom.

– Det trur vi kan vere faktorar som gjer at folk i Noreg i snitt er litt mindre lykkelege, seier Nes.

Ragnhild bang Nes, seniorforskar FHI

FHI: Ragnhild Bang Nes er psykolog og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet si avdeling for psykisk helse.

Foto: Emily Louisa Millian Eide / NRK

Ein annan trend forskarane har merka seg er at unge under 40 år har eit meir dystert syn på framtida. Det gjeld spesielt innan økonomisk utvikling, arbeidslivet og berekraft.

Mellom anna spørjeundersøkinga Norsk Monitor frå Ipsos peikar mot at mindre framtidstru blant unge har ført til at livskvaliteten i landet har gått ned.

Verdas lykkerapport 2022 er basert på data frå 2019 til 2021. Nes synest det er interessant å sjå av Sverige, som har brukt å ligge under Noreg, har gått forbi oss gjennom åra med koronapandemi.

– Vi veit for lite om lykke og tilfredsheit. Det er viktig at vi forskar meir på utviklinga her i landet, seier Nes.

Elena Lopez og Helena Moyano.

1-10: Elena Lopez og Helena Moyano svarar 9 og 8. Dei kjem frå Spania, og trur folk i heimlandet er meir lykkelege enn i Noreg. Det stemmer ikkje ifølgje FN si undersøking. Spania ligg på 29.-plass i Verdas lykkerapport 2022.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK