Nordvestnytt konkurs

Lokalavisa for Smøla, Nordvestnytt, blir slått konkurs. Det melder nettstaden Medier24. Avisa blei i januar kjøpt opp av Robin Røkke (bildet), som også eig avisene Øyblikk og Lofotposten gjennom selskapet Tvisyn. Røkke seier til nettstaden at det er gamal gjeld som gjer at det no ikkje lenger er mogleg å drive avisa vidare. Han seier det har vore ei vanskeleg avgjerd.

Robin Røkke, tettere
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK