Hopp til innhold

– Nordøyvegen vil trekkje fleire turistar

Ordførarane i Haram og Sandøy trur at Nordøyvegen vil skape eit stort potensial for turisme.

Bjørn Sandnes og Hans Endre Sæterøy

F.v.: Ordførarane Bjørn Sandnes og Hans Endre Sæterøy meiner at Nordøyvegen vil vere svært positiv for framtidig turisme.

Foto: Trond Vestre/Høgre / NRK

I går var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på besøk i Brattvåg for å bli orientert om fastlandssambandet som regjeringa får til behandling i år eller neste år. Ordførarane i kommunane trur at Nordøyvegen vil vere svært positiv for framtidig turisme.

Høgre-ordførar Bjørn Sandnes i Haram trur effekten vil vere betydeleg, og han vil leggje planar for å jobbe aktivt mot eit auka reiseliv.

– Eg ser for meg at det er ei god mogelegheit til å drive turisme i begge kommunane. Det vert drive ein del innan reiseliv allereie, men potensialet veks no når vi får Nordøyvegen på plass, seier Sandnes.

Fordel for kommunane

Høgre-ordførar Hans Endre Sæterøy i Sandøy trur auka satsing på reiseliv blir resultatet av Nordøyvegen.

– Det er ei satsing vi må vidareføre. Og med ein så spesiell veg vil det føre med seg fordelar for kommunen vår. Vi har eit sterkt turistliv frå før, men vi vil absolutt ha enda fleire til å kome hit, seier Sæterøy.

Ordføraren i Sandøy meiner at Nordøyvegen er ein viktig del av turistsatsinga, og at dei har sterk vilje i kommunen til å satse vidare.

Frank Sve

Frank Sve trur at Haram og Sandøy kommune kan trekkje til seg meir turisme med Nordøyvegen.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Øysamfunn som egnar seg for turisme

Fylkespolitikar Frank Sve frå Frp seier at Haram og Sandøy er eit veldig fint øysamfunn i Møre og Romsdal, og at potensialet for reiselivet er veldig stort.

– Nordøyvegen vil ha stor effekt for turismen på øyane i Haram og Sandøy dersom det blir satsa, meiner fylkespolitikaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL