Politiet i Kristiansund skal i morgon avhøyre mannskapet, etter at skipperen på ein færøysk båt blei stukken ned med kniv i dag tidleg.
Båten er no på veg frå Heidrun-feltet til Kristiansund, og skal vere inne i natt.
Politiadvokat Sindre Stave seier ein av mannskapet er mistenkt for knivstikkinga, og at han truleg blir sett rett i arrest når båten kjem til land.
Skipperen er alvorleg skadd, men situasjonen er stabil, opplyser St. Olavs Hospital.
Knivstikkinga skjedde i internasjonalt farvatn, og det er ikkje klart om det blir norsk eller færøyisk politi som skal ta seg av den vidare etterforskninga i saka.