NRK Meny

Nordmørspakken på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har no ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre, den såkalla Nordmørspakka. Det blir stilt krav om to ferjer i sambandet Edøya - Sandvika og at ferjene i sambandet Seivika - Tømmervåg og Edøya - Sandvika skal vere nyare enn ti år og det er også strenge miljøkrav. I sambandet Kvanne-Rykkjem er det stilt krav om ei ferje som kan ta 50 personbilar, medan Arasvika-Hennset blir om lag som i dag. Nye miljøferjer gjer at fylkeskommunen må iruste opp kaianlegga i sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg

Overfart, Kvanne - Rykkjem
Foto: Ragna Mo Almberg