NRK Meny
Normal

Nordmørslista kan få ei viktig rolle

Den nye Nordmørslista ligg an til å få heile tre mandat til fylkestinget. Dei kan dermed få ein viktig posisjon på fylkestinget.

Glade for godt resultat

VIDEO: Mette Belden toppar Nordmørslista. Ho er svært fornøgd med valet til Nordmørslista.

Etter at halvpartane av stemmene til fylkestinget er telt opp, ser det lovande ut for den nye lista.

– Det er heilt supert. Vi hadde håpt på tre mandat, men det er meir enn vi hadde forventa, seier Mette Belden som toppar Nordmørslista.

– Vi gler oss til å sjå når dei endelege resultata kjem. Dette er veldig spennande, held ho fram.

Misnøye etter sjukehussaka

Både Nordmørslista og Sunnmørslista var på frammarsj på partimålingane allereie før valet. Medan Sunnmørslista ser ut til å få to mandat til fylkestinget, kan den nye Nordmørslista få tre mandat inn på tinget.

Det var sjukehusstriden i Nordmøre og Romsdal som var ein av hovudårsaka til at Nordmørslista blei stifta før årets val. Folk i Kristiansund har vore både skuffa og rasande over at helseminister Bent Høie (H) bestemte at den nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast i Molde og ikkje i Kristiansund.

Desse kan dermed få ein viktig posisjon i kabalen og kan kome til å avgjere kven som får fylkesordførarmakta. Belden ser ikkje bort frå eit samarbeid med fleire parti, men vil så langt ikkje seie noko om kven dei kan tenke seg å samarbeide med.

– Kjem de til å ha samtalar utover natta?

– Ja, det får vi sjå på. Men det er ikkje umogleg, seier Belden.