Nordmørslege misser løyvet – skal ha skrive ut tusenvis av tablettar til seg sjølv

Ein nordmørsmann må slutte som lege etter at han skal ha brukt firdobbel dose med sterke smertestillande i eit heilt år. Sjølv avviser han at han har noko problem.

Piller

Legen skal ha henta ut store mengder Ketorax, Paralgin forte, Tramagetic, Kodein, Dulcontin, Cosylan, Vival og Imovane frå ulike apotek gjennom heile 2016. Helsetilsynet hevdar han har brukt alt sjølv.

Foto: NTB scanpix

Helsetilsynet konkluderer no med at omfattande bruk av narkotika gjer den erfarne nordmørslegen uskikka i yrket. Han misser difor autorisasjonen, og dermed kan han ikkje lenger praktisere.

Saka starta då ein kollega i fjor haust reagerte på tablettbruken hans, og varsla Fylkeslegen i Møre og Romsdal. Etter kort tid tok legen tidlegare sjølv kontakt og foreslo å gje frå seg retten til å skrive ut sterke narkotiske tablettar til pasientane sine. I motyting ønskte han at Fylkeslegen skulle droppe tilsynssaka mot han.

Slik blei det ikkje. Fylkeslegen bestilte medisinlister frå ei rekkje apotek, og konkluderte med at legen høgst truleg hadde skrive ut over 7000 sterke tablettar til seg sjølv berre i 2016.

– Det er alvorleg, og det som gjer det alvorleg, er mengda, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Portrett Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det store omfanget av tablettbruk er alvorleg, men at den erfarne legen, av ulike årsaker, ikkje har hatt kontakt med pasientar i det siste.

Foto: Fylkesmannen

Müller Mikaelsen seier ho ikkje har mistanke om at tablettbruken har gått ut over andre enn legen sjølv, sidan han av ulike årsaker ikkje har hatt kontakt med pasientar i det siste. Kor langt tilbake legen kan ha tatt ut narkotiske tablettar, veit fylkeslegen ikkje.

Tilbyr seg å gje frå seg prøve

Legen har arbeidd på Nordmøre i ei årrekkje, og skriv sjølv til Statens helsetilsyn at ingen pasientar har klaga på arbeidet hans. Han hevdar han ikkje har hatt ukritisk åtferd eller manglande dømmekraft.

I brevet frå Helsetilsynet kjem det fram at nordmørslegen har helseplager, og han nektar ikkje for å ha bestilt medisin til seg sjølv, men hevdar at han aldri har misbrukt tablettane. Han tilbyr seg også å gje frå seg prøver på kort varsel for å vise at han ikkje er rusa.

Men han blir ikkje trudd.

I brevet frå Helsetilsynet kjem det fram at legen har nekta fylkesmannen å innhente journalopplysningar frå fastlegen.

Les også:

Firdobla dose i eitt år

Statens helsetilsyn konkluderer med at legen jamleg har henta ut dosar med narkotiske tablettar frå ulike apotek på Nordmøre – og på nettet. Oversikta viser at han har fått ut både Ketorax, Paralgin forte, Tramagetic, Kodein, Dulcontin, Cosylan, Vival og Imovane, før ein kollega til slutt slo alarm.

Mengdene er så store at dei ifølgje Helsetilsynet i snitt svarar til over fire døgndosar dagleg.

– Det er ei stor grad av overmedisinering, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Helsetilsynet vurderer det som alvorleg at legen ikkje sjølv har innsett at det er i strid med god praksis å skrive ut vanedannande medisin til seg sjølv over tid.

Sjølv om legen meiner listene frå apoteka er feil, avviser Helsetilsynet også dette. "Tvert imot vil vi påpeke at din uthenting av resepter på ulike apotek med jevne mellomrom kan gi grunn til å tro at du ønsket å skjule omfanget av egenrekvireringen".

NRK har bedt legen om ein kommentar, men ikkje fått svar.