NRK Meny
Normal

Nordmøringar usikre på kommunereform

Nordmøringar frå åtte kommunar deltok i juni i ei representativ telefonundersøking om kommunereforma. Berre i Kristiansund vil fleirtalet utvide kommunen.

Ingunn Golmen

UKLAR: Ingunn Golmen fortel at det ikkje er heilt klare svar i rapporten, men at det er i Kristiansund folk er mest positive til ei kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Til saman 2625 nordmøringar frå Aure, Smøla, Halsa, Surnadal, Rindal, Tingvoll, Kristiansund og Averøy var i juni med i ei representativ undersøking om kommunereforma. Innbyggarane vart mellom anna spurd om haldningar til reforma generelt og kva tilhøyrsle dei har til staden dei bur i og til kommunen, region og fylke.

– Det som er litt vanskeleg er at det ikkje er så klare svar i undersøkinga, folk har ulike relasjonar alt etter kor dei bur, og svaret viser at folk går i litt ulike retningar. No skal vi sette oss inn i resultata før undersøkinga blir presentert på eit felles formannskapsmøte for Nordmøre i august, seier leiar for Nordmøre regionråd, Ingunn Golmen.

Positive Kristiansundarar

Av kommunane som er med i undersøkinga, er Kristiansund den einaste der fleirtalet av dei spurde er positive til å utvide kommunen. Golmen trur det er fordi kristiansundarane trur Kristiansund vil bli styrka av ei samanslåing.

– Eg trur det kan vere fordi kristiansundarane veit at Kristiansund framleis vil vere eit senter og behalde tenester, sjølv dersom fleire kommunar vert slått saman. Og dei føler nok og at Kristiansund vil bli styrka av ei slik samanslåing.

Les heile innbyggarundersøkinga her

Tap av tenester

Medan folk i Kristiansund ifølge undersøkinga er positive til ei samanslåing med andre kommunar, er folk i resten av kommunane meir skeptiske. Golmen trur det kan vere fordi dei fryktar å få eit svekka tilbod, dersom kommunen dei bur i slår seg saman med andre.

– Eg trur nok grunnen til at folk i dei andre kommunane er meir skeptisk til kommunesamanslåing, er fordi dei fryktar at det berre vil vere den største kommunen som vil tene noko på ei samanslåing, medan resten ender opp med eit svekka tilbod.

Temperaturmåling

Innbyggarundersøkinga er utført av Telemarksforsking og er undersøking nummer to i ein serie på fire. Golmen fortel at slike undersøkingar er nyttige, då dei kan hjelpe politikarane i regionen til å finne ut kva innbyggarane meiner bør vere vegen vidare.

– Det er ein type temperaturmåling for kva folk tenkjer no, eit år før vi skal gjere eit vedtak om kva som skal vere vegen vidare. Ut ifrå den temperaturmålinga kan vi sjå at det er nokre forslag som verkar meir populære enn andre, noko som hjelper oss å finne ut kva vi skal gjere vidare.