Hopp til innhold

Vil senke terskelen for å bli fiskar

– Vi er heldige, seier ein av dei tre tenåringane som i sommar har fått jobb som fiskarar. Målet med sommarjobben er å gi unge erfaringa dei treng for å starte sjølve.

John Einar Åstasund Ramsøy og Magnus Bogen Ramstad

NATT PÅ HAVET: Magnus Bogen Ramstad og John Einar Åstasund Ramsøy ventar på å få levert fisken, etter ei lang natt på havet.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Rett over klokka 07.00 kjem sjarken inn til fiskemottaket. Gutane klatrar i land etter tolv timar på sjø. Dei har fått med seg både solnedgang og soloppgang.

– Det er ein annleis jobb, samanlikna med kva ein kan få tak i elles. Det er ikkje mange som har dette som sommarjobb. Eg må seie vi er heldige, seier Harald Hasle Sæter.

Nordmøre fiskebåt i Averøy står bak prøveprosjektet, som har som mål å rekruttere fleire unge til fiskaryrket.

Harald Hasle Sæter, John Einar Åstasund Ramsøy og Magnus Bogen Ramstad har sommarjobb på fiskebåt.

I tre veker får Harald Hasle Sæter, Magnus Bogen Ramstad og John Einar Åstasund Ramsøy prøve ut livet som fiskarar.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Vil senke terskelen

Kommunen søkte og fekk 200.000 kronar i tilskot frå Nærings- og fiskeridepartementet til prosjektet som tilbyr ungdom sommarjobb på fiskebåt.

Leiar i Nordmøre fiskebåt, Renate Kalvø Gustad, seier det er viktig for dei at det å etablere seg som fiskar blir enklare.

– Det er ikkje for alle i dag, å byrje som fiskar. Vanlegvis måtte ein ungdom ha kjøpt seg ein båt. Samtidig måtte dei kjent seg trygge med å vere på havet, dei må vite kvar fiskeplassane er, og vite korleis dei skal levere fisken, seier Kalvø Gustad.

No får dei testa det ut saman med andre unge, utan å måtte skaffe seg utstyret sjølv.

Harald Hasle Sæter, John Einar Åstasund Ramsøy og Magnus Bogen Ramstad har sommarjobb på fiskebåten Prøven.

På denne båten fiskar dei tre gutane saman med skipper Ann Heidi Gjøsund. Det er litt trongt i styrhuset, innrømmer dei.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Tilbod for unge fiskarar

Gjennom Fiskeridirektoratet kan unge mellom 12 og 24 år, som ikkje er registrerte som fiskarar, søke om å vere med på Ungdomsfiskeordningen. Her kan ein fiske frå juni til august, og tene opp til 50.000 kroner.

Men å melde seg på ei slik fiskeordning krev likevel noko kunnskap. I tillegg må du ha eit fartøy å reise ut med, og du må ha utstyr til å fiske med.

Skipper Ann Heidi Gjøsund, Harald Hasle Sæter, John Einar Åstasund Ramsøy og Magnus Bogen Ramstad.
Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

På Averøya er det ingen som har søkt på denne ordninga dei siste åra, fortel Kalvø Gustad i Nordmøre fiskebåt. Ho seier ein treng litt forkunnskapar for å melde seg på der, som dei no tilbyr unge.

– No vil vi fylle opp ryggsekken til ungdommen, slik at dei har god nok ballast til å seinare satse for seg sjølv. Det blir artig å sjå om dei vel å prøve seg som ungdomsfiskar i eigen båt, seier Kalvø Gustad i Nordmøre fiskebåt.

– Fantastisk moglegheit

Karl Anton Lorgen i Fiskeridirektoratet bekreftar at dei ikkje har spesielt stor pågang på Ungdomsfiskeordningen. I dag er det om lag 35 påmelde i Midt-Noreg, som omfattar Møre og Romsdal og Trøndelag.

Karl Anton Lorgen, seksjonssjef Fiskeridirektoratet

– For dei som ikkje har familie som er fiskarar, og ikkje har noko kjennskap til næringa, er dette ein unik inngangsport, seier Karl Anton Lorgen i Fiskeridirektoratet.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg trur ungdommen treng nokon som tek initiativet. Om dei får eit opplegg som foreldra kan levere dei til blir det mykje enklare enn at du må ha eigen båt, og eit mottak å levere til, seier Lorgen.

Bent Lie Jacobsen var med på å starte Ungdommens fiskarlag for to år sidan, for å fremje unge sine interesser i yrket. Han seier det viktigaste er å få moglegheita til å prøve.

Dette er jo fantastisk. Det gir ungdommane ein sjanse til å få prøve yrket, for å sjå om det er noko for dei.

Bent Lie Jacobsen

Bent Lie Jacobsen starta i 2020 Ungdommens fiskarlag. Han meiner det er vanskeleg for unge å kome seg ut i yrket på eiga hand.

Foto: privat

Også han legg til at det er ei utfordring for unge uerfarne å setje i gang som kystfiskar, utan å bruke opp sparepengane.

Det er for dyrt for mange unge å drive med fiske. Ei teine kostar 500 kroner. Og drivstoffprisane har jo gått til himmels. I tillegg er det dyre fartøy og dyre kvotar.

Meirsmak på fisk

Trass i at fangsten ikkje har vore det store i byrjinga av sommarjobben, er dei tre unge fiskarane fornøgde med erfaringa dei sit att med. Og dei er ikkje i tvil om at dei kjem til å fortsette å fiske, på eit eller anna vis.

– Eg har planar om å kome meg på båt ja, seier Hasle Sæter.

Men først skal dei heim å sove.

Harald Hasle Sæter, John Einar Åstasund Ramsøy og Magnus Bogen Ramstad har sommarjobb på fiskebåt.
Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK