Debatten om kommunereforma er i full gang mellom politikarane på Nordmøre. Måndag hadde Averøy Høgre kalla inn til ope møte på kommunehuset der politikarar frå fleire politiske parti og kommunar på Nordmøre deltok. Mange er spente på kva oppgåver kommunane vil få.
Stortinget fordelar oppgåvene
Tidlegare Høgre-ordførar i Kristiansund, Dagfinn Ripnes, meiner at dette er eit heilt avgjerande spørsmål.
- Les også:
– Det mest spennande er å sjå kva for oppgåver dei nye storkommunane får når Stortinget legg fram planane sine til våren, seier Ripnes, som er optimist men overbevist om at kommunekartet blir radikalt forandra.
Kort tid fram til kommunevalet
Det heile startar no i september – deretter går det slag i slag. Ingrid Rangønes frå Averøy Arbeidarparti fryktar at prosessen med å slå saman kommunane vil gå for raskt.
– Vi får ikkje svar på korleis oppgåvefordelinga blir før til våren, og då er det veldig kort tid fram til kommunevalet. Nye folk kjem på bana og vi skal gjennom gode debattar, folk skal få kome til og seie sitt, og då går tida framover veldig raskt, seier Rangønes.
Vil til Kristiansund
Måndagens møte var på mange måtar ein start for arbeidet med kommunereforma på Nordmøre. No startar debattane. Ordførar i Averøy, Ann Kristin Sørvik (Sp) seier at ho ser mot Kristiansund og ei sterk storkommune.
– Spør du meg personleg så skal vi slåast saman med nokon som er sterkare. Det er klart at Kristiansund og Averøy høyrer saman. Eg seier ikkje at løpet er lagt allereie, vi skal ha med oss folket og skape gode prosessar, seier ordføraren.
- Les også:
Men Sørvik trur lite tid kan by på problem.
– Den krevjande tidsplanen som regjeringa har lagt opp til, kan gjere det vanskeleg å få med seg folket i arbeidet med kommunereforma
– Det blir opp til kommunane
Ein av utfordringane blir forholdet mellom by og land. Ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap), seier han ikkje vil leggje press på nabokommunane.
- Les også:
– Eg har bestemt meg for å vere raus. Eg har ikkje tatt noko særleg initiativ til å invitere kommunar til Kristiansund, men alle kommunane veit at dei er hjarteleg velkomne til å ha samtalar med oss. Men det blir opp til kommunane sjølve, vi pressar ikkje på for å få eit svar. Eg trur at prosessane er viktig no, og dei har no så vidt kome i gang, seier ordføraren.