NRK Meny
Normal

For første gong er det meir enn 50.000 norske bubilar

Arne Magnus og Kirsti Marie Remø kjøpte sin for åtte år sidan. Dei kan ikkje tenkje seg nokon betre ferie.

Familie med bobil ved frukostbord på campingplass

Arne Magnus og Kirsti Marie Remø koser seg på bubilferie i Ålesund her saman med Bjørn Lie og Kjell Harald Lie.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Du har med alt du treng og kan dra når du vil, stanse der du vil, ta måltid kor du vil, kikke på det du vil, og oppdage stader du aldri visste eksisterte, seier Arne Magnus mens dei kosar seg i Ålesund.

Saman med ein annan familie er paret på veg mot Helgeland. Neste stopp er Atlanterhavsvegen på Nordmøre.

Kirsti Marie synest det mange grunnar til at bubilen er den perfekte ferie.

– Eg har sjølv vaska alt og treng ikkje tenkje på at andre har brukt senga, slik som på campinghytter. Så er det veldig praktisk med kleda i skapet og ikkje i koffert. Også slepp vi å leite etter kaféar, hytter, campingplassar, hotell og bestille på førehand. Vi har jo med oss alt vi treng, slår ho fast.

Bobiler ved Geirangerfjorden på ein campingplass

Mange vel å feriere i bubil ved vakre Geirangerfjorden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

2700 nye bubilar på vegen

Familien er ikkje åleine om bubilentusiasmen. I år er det for første gong meir enn 50.000 bubilar med norsk registrering.

Forhandlarar i heile landet kan smile frå øyre til øyre om dagen. Til saman trilla vel 2700 nye bubilar ut frå butikkane første halvår. Det er ein auke på nær 21 prosent samanlikna med i fjor.

– Heilt fantastisk! Året fekk ein knallstart med pågang som aldri før og det held fram, seier Terje Giske, dagleg leiar i Ålesund Caravan.

Smilande seljar av bubilar

Mange betaler betale både 1, 6 og fleire millionar til for bubilen sin, seier dagleg leiar Terje Giske hos Ålesund Caravan.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I snart 20 år har han jobba hos største bubilforhandlaren i Møre og Romsdal, og har aldri opplevd liknande bubil-interesse.

– Før året er omme vil butikken her i Ålesund ha selt bubilar for rundt 150 millionar kroner, tilsvarande vel 300 bilar, seier Giske.

Minst populær i Oslo

Mest populært er det med bubil i Nordland, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland. Lågast interesse for bubil har folk i Oslo.

Men flest bubilar per innbyggar, har vesle Tjeldsund kommune i Nordland. Med sine vel 1200 innbyggarar er der 5, 6 bilar per 100 innbyggarar.

Kvinne ved rattet i bobil

Vibeke Hoel er mellom dei mange som skiftar over frå campingvogn til bubil. Småbarnstida er over, og då tek ho og ektefellen steget over til ein mindre bubil i staden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Trur fridomen kallar

Mange i bransjen meiner nordmenn har fått smaken på bubilferie fordi det gir ei kjensle av fridom. Også interesseorganisasjonen Norsk Bobilforening, med 12 500 medlemmer, er overtydd om at fridom er stikkordet for rekordsalet av bilar.

– Vi har "Fri som fuglen" til slagord, og nettopp å kunne køyre når og kvar vi vil, er kjernen til dei som er frelste på bubil, seier Heidi Nilsen, konstituert dagleg i foreininga.

Eig du ein bil med ei totalvekt under 3500 kg, køyrer du på vanleg førarkort. Er bilen tyngre må du ha førerkort C1 som gir rett til å køyre bil som har totalvekt 7500 kg.

– Flest 50-pluss

Bobilselger blant nye bobiler i Ålesund

Terje Giske hos Ålesund Caravan spår at kjøpelysta i bubil-marknaden kjem til å halde seg også neste år. God økonomi hos mange og lav rente kjem til å slå ut på salet, meiner han.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er mange mytar om bubileigarar. Ei av dei er i alle fall sann.

– Dei alle fleste bubileigarane er i gruppa 50-pluss, smiler forhandlar Terje Giske.