Nordlys til Fiskerstrand Verft

Det er no bestemt at hurtigruteskipet Nordlys vert slept til Fiskerstrand Verft, i nabokommunen Sula, for forberedande reparasjonar.

 

Ragnar Norum som kommunikasjonsdirektør i Hurtigruten seier alt er i rute framføre slepinga.

– På Fiskerstrand vert det ein førebels gjennomgang av skipet for å få oversikt over skadane. Deretter vil reparasjonen av skipet settast ut på anbod, seier Norum.

Sjøfartsdirektoratet seier til NRK at dei kjem til å gi slepeløyve for MS Nordlys til Fiskerstrand Verft i løpet av kvelden eller morgon føremiddag.