Hopp til innhold

– Dette var voldsomme greier

Først slo kvelden og natta til med nordlys av det spektakulære slaget. Då natt gjekk over til dag fekk vi ein soloppgang som kunne ta pusten frå oss.

På Sunndalsøra kl 01.00. i natt var det ca. 18 varmegrader, fønvind og Nordlys i alle retninger.
Foto: Remi Haugen

Send oss gjerne fleire bilete her

Bruk gjerne Instagram med #nrkmogr. Dei bileta kan du sjå her.

Helge Marø frå Smøla var ein av dei mange som var vaken gjennom natta for å få med seg det fantastiske fargespelet på himmelen.

– Dette var ganske voldsomt. Altså, for nokre år sidan hadde vi ekstreme nordlysnetter. Men også denne natta var heilt spesiell. I nord låg det eit normalt, roleg nordlysbelte. Men får sørvest kom det brått voldsomme, fargegfulle nordlystunger, fortel Helge Marø.

– Todelt og fargesprakande

Det mest intense nordlyset kom til syne om lag ein halv time inn i det nye døgnet. Og det varte nesten til klokka to om natta. Deretter svekte nordlyset seg sakte men sikkert og førestillinga var i all hovudsak over ved halv firetida.

Helge Marø karakteriserer kombinasjonen av det rolege nordlyset i nord og dei ville nordlystungene frå sørvest som heilt spesielle.

– Eg har aldri sett eit slikt todelt nordlys med så forskjellig fart tidlegare. Og strålane frå sørvest kom med ei slik fart at eg ikkje rakk å ta bilete av dei. Lyset frå sørvest var delt i tre forskjellige tunger og hadde heilt andre fargar enn nordlyset i nord, seier Marø.

Soloppgang

Etter at nordlyset var ferdig kom det ein utruleg vakker soloppgang.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

– Hugs gode klede

Dette spektakulære lyset frå sørvest forsvann om lag like fort som det kom ifølgje Marø. Han fortel at han har sett nordlys ikkje reint sjeldan og at han har fotografert dette lyser fleire gonger.

– Det er nok lurt å ha litt meir enn eit lommekamera, gjerne med vidvinkelobjektiv som er lysømfintleg. Og ein må sjølvsagt ha eit stabilt stativ. Det kan lett bli slik at ein legg ein del pengar i utstyret, men kamerateknikken utviklar seg med lynets fart. Og når ein er ute om natta og ventar på den rette augneblinken er sjølvsagt mykje tolmod og gode klede gull verd, seier Marø. Og hugs å stå på ein mørk plass, legg han til.

– Varmt midt på natta

Men sjølv om det normalt sett er viktig med varme klede når ein er ute for å fotografere nordlys, var sist natt eit unnatak for mange. For denne gongen blafra nordlyser over bygder med sommarvarme.

– På Sunndalsøra var det 18 varmegrader, fønvind og nordlys. Det er ikkje alle stader i Noreg ein kan stå ute i t-skjorte og ta nattbilete, seier Remi Haugen frå Sunndalsøra.

Video

Rob Buist sitt kamera i Malmefjorden har tatt hundrevis av bilde av nordlyset, og han har laga ein timelapse-video av dette som du kan sjå her:

Nordlys over Lindset