- For tidleg å avlyse krengingsfaren

Hurtigruteskipet Nordlys tek framleis inn vatn. Lekkasjen er ikkje tetta. Men pumpene går for fullt.

Video Hurtigrute brann utanfor sentrum i Ålesund

Nett-TV: «Nordlys» har sterk slagside, og båten vart evakuert. Sjå den dramatiske situasjonen direkte.

Hurtigruten Nordlys - dei første minutta

Røykutviklinga var så kraftig at delar av Ålesund sentrum måtte evakuerast.

Foto: Bjørn Fladmark
Hurtigruta i Brann

Brannen starta i maskinrommet då Nordlys var på veg

Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK
Hurtigruta slagside

Dette bildet er tatt av hurtigruta ca klokka 15. Skipet har sterk slagside.

Foto: Frode Fladmark

Torsdag kveld seier brannsjef i Ålesund, Geir Thorsen, at det er for tidleg å avblåse faren for krenging.

– Lekkasjen er ikkje tetta. Skipet tek framleis inn vatn. Vi fryktar framleis at hurtigruta kan krenge. Men slik situasjonen er akkurat no, klarer vi å pumpe ut om lag like mykje som skipet tek inn, seier brannsjef Geir Thorsen.

Thorsen opplyser at dei har lenser i beredskap i fall krenginga skal utvikle seg ut over natta. Det har også vore dykkarar nede, men det har ikkje vore råd å stoppe lekkasjen.

– Vi arbeider også framleis med å få tilbake straumen på hurtigruta. Dette har vi ikkje lukkast med enno. Og vi må ha tilbake straumen før vi kan ta i bruk pumpene på skipet, seier Thorsen.

I ein periode torsdag ettermiddag krenga hurtigruta Nordlys stadig meir og meir. Ei stund var det fare for at skipet skulle kantre. Skipet blei evakuert då det tok inn meir vatn enn brannvesenet klarte å pumpe ut.

Hurtigruteskipet MS «Nordlys» tok inn vatn på grunn av ein skade i skroget etter at ein brann braut ut i skipet torsdag morgon.

LES OGSÅ:

– Kritisk

Brannsjef Geir Thorsen i Ålesund sa at situasjonen var kritisk. Slik uttalte han seg før brannvesenet hadde fått kontroll over situasjonen.

– Situasjonen er kritisk. Skipet har slagside. Det tar inn meir vatn enn vi klarar å pumpe ut. Vi jobbar intenst for å få opp pumpekapasiteten. Vi prøver også å finne ut kvar vatnet kjem inn, seier han.

– Er det akutt fare for at skipet kan gå rundt?

– Eg vil ikkje seie at det er akutt fare, men det er kritisk sidan båten tar inn meir vatn enn vi klarar å pumpe ut, seier brannsjefen.

På eit seinare tidspunkt fekk brannvesenet kontroll over situasjonen, og det er ikkje lenger fare for at skipet skal kantre.

Evakuert

Torsdag ettermiddag blei hurtigruta evakuert. Dette skjedde på eit tidspunkt då det var fare for kantring.

– Skipet er evakuert på grunn av sterk slagside. Brannfolka og attverande mannskap har forlaten «Nordlys», opplyser informasjonsmedarbeidar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge, Borghild Eldøen.

To tilsette omkom i brannen. To vart hardt skadd.

Se grafikk: Dødsbrann på «MS Nordlys»

Sett inn seks pumper

Det er sett inn seks pumper i skipet for å ta unna vatnet. Personell frå forsvaret har også vore nede og plassert matter der hurtigruta tok inn vatn

– Skipet tok inn vatn , sa pressesjef Anders Bang Andersen ved Hovudredningssentralen.

Det er blitt pøst på med både ferskvatn og saltvatn for å sløkkje brannen. I tillegg tar altså skipet inn vatn.

Pumpene om bord går for fullt for å lense skipet.

– I tillegg så er der pumpekapasitet rett ved skipet for å hjelpe til, fortel Andersen.