Hopp til innhold

Nordlandet skole redda

Etter fem år som privatskule har Aure kommune bestemt seg for å ta over drifta av Nordlandet skole.

Eit knapt fleirtal gjekk inn for at kommunen skal ta over drifta av Nordlandet skole. Skulen har fleire gongar vore trua med nedlegging.

I 2004 vart det bestemt at Norlandet skole skulle leggast ned. Foreldra ville det annleis og starta privat­skulen Luna Friskole.

For å drive ein privatskule må det gå minst 15 elevar på skulen, eit krav Luna Friskole ikkje innfrir.

Ordfører Ingunn Oldervik Golmen meiner det er viktig at skulen består av omsyn til tilflytting.