NRK Meny

Nordic wildfish fekk miljøpris

I ettermiddag vart Nordic wildfish tildelt Fiskeridirektoratets Miljøpris på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim. Tildelinga av miljøprisen er på bakgrunn av Nordic wildfish si satsing på å utvikle og ta i bruk teknologi som bevarer villfisken sin opphavelege kvalitet, frå den halast om bord i båten til den ligg på fatet til forbrukaren. Prosjekta er støtta av miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge.