Hopp til innhold
Charles Williamsen
Foto: Roar Halten / NRK

Nordic Light

Oppsummert

Nordic Light er ein internasjonal fotofestivalen i Kristiansund.

  • Fotofestival startar i dag

    Nordens første fotofestival for ungdom starter i Kristiansund i dag. Ung Nordic Light blir arrangert både digitalt og på Fotohuset i Kristiansund. Siv Åsebø, som er assistent på huset, trur det blir nærare 150 deltakarar.

  • Startar fotofestival for ungdom

    Nordic Light vil arrangere ungdomsfestival i Kristiansund 1. til 3. mai 2020. Det blir den første i sitt slag i Norden, skriv arrangørane i ei pressemelding. Formålet er å ta for seg ungdomsbølgene i samtida, med «sjå meg» som årets tema. Festivalen er eit samarbeid mellom UKM, Norsk Fotofagskole, Kulturrådet og Fotobyen Kristiansund. Nordic Light vil også halde fotoverkstad rundt om i Møre og Romsdal i mars.

    Nordic Light-festivalen i Kristiansund
    Foto: NRK
  • Nordic Light er i gang

    Kreativ leiar Morten Krogvold stod for den offisielle opninga av årets Nordic Light-festival i Kristiansund i dag. Fotofestivalen blir arrangert for trettande gang i år og trekker fotografar og fotointeresserte frå heile verda.

    Kreativ leiar Morten Krogvold stod for den offisielle opninga av årets Nordic Light-festival i Kristiansund i dag.
  • Jobbar mot neste års festival

    Om eitt døgn startar den internasjonale fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund. Og medan enkelte stressar for å rekke morgondagen, har ei gruppe unge fotografar fått eit oppdrag med ein heilt annan deadline. Dei skal nemleg jobbe mot ei utstilling i Finland til hausten og neste års Nordic Light. – Vi har samla nordiske fotografar som skal samarbeide og fotografere temaet «Heim», fortel Clare Gallagher. Sjå innslaget her:

  • Kunstutstilling inspirert av havet

    Smykkekunstnar Kathrine Lindman har latt seg inspirerer av naturen, havet og blæretang i si nyaste utstilling. Tysdag opnar ho utstillinga på Nordic Light i Kristiansund. – Eg er jo født her ved havet i Kristiansund. Og det er noko eg trur mange tek med seg vidare i livet. Tang og tare er eit tidsaktuelt tema. I tillegg ligg den i havet og har så mange ulike formasjonar, uttrykk og fargar, seier Lindman.

    Katrine Lindmann
    Foto: Roar Halten / NRK
Kreativ leiar Morten Krogvold stod for den offisielle opninga av årets Nordic Light-festival i Kristiansund i dag.