Nominert til gjæv pris

Ulstein Arena er ein av tre finalistar i kampen om å vinne den gjæve arkitekturprisen «Statens pris for byggkvalitet». Eit kvartalsbygg i Oslo og studentbustader i Trondheim er dei andre finalistane. – Det blir bygd mange bygg med gode kvalitetar rundt om i Norge, men dei tre bygga vi står igjen med no har utmerka seg godt innan mellom anna miljø, byggeskikk og fortetting, seier juryleiar Erling Lae. Juryen besøkte seks bygg i august før dei vart einige om dei tre finalistane.

Ulstein Arena tre månader før slutt
Foto: Arne Flatin / NRK