Nominert til beste mannlege birolle

Skodespelaren Eldar Skar frå Molde er nominert til ein Amanda-pris i kategorien «beste mannlege birolle». Det er rolla som Leif Henie, broren til kunstløparen Sonja Henie som Skar er nominert for. Prisen vert delt ut laurdag 17. august under filmfestivalen i Haugesund. På bilete ser ein hovudrolleinnehavarane til filmen Sonja, der Skar er til høgre.

Nominert for beste mannlege birolle
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix