Hopp til innhold

Slik får Nomeda bort sveittelukt i ullkleda

VALDERØYA (NRK): Når vinteren kjem brukar skreddar Nomeda Kimsås snøen som vaskemaskin.

Nomeda Kimsås luftar bunad og ull i snøen

Nomeda Kimsås meiner at vi ikkje treng bruke kjemikaliar for å vaske ulltøy.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

I snøen utanfor huset til skreddaren på Sunnmøre ligg bunader og ulltøy på rekke og rad. Nomeda Kimsås er frå Litauen og brukar å gle seg til vinteren kjem.

– Snøen er jo nesten som ei vaskemaskin. Den har same funksjon, seier Kimsås.

Når ho legg klesplagga ute i hagen på denne måten, passar ho på at snøen ikkje er våt. Er den våt, heng ho heller plagga på ein kleshengar utandørs.

Poenget med denne luftinga er å få bort lukt frå plagga, utan å måtte bruke vaskemaskin.

– Ull har ein heilt unik eigenskap og reinsar seg sjølv. Det er unødvendig å vaske eller reinse ulla med kjemiske midlar, seier Kimsås.

Nomeda Kimsås

Nomeda Kimsås driv eiga bedrift som bunadsyar på Sunnmøre.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Lukta forsvinn

Kimsås driv si eiga systove der ho lagar bunader og andre klede. Det er familiens eigne bunader som får ein omgang i naturens «vaskemaskin». Kimsås kastar gjerne litt snø på ullplagga også. Fukten i snøen er positivt for luftinga.

– Det er kjekt å få frisk luft i klesplagget. Sveittelukta forsvinn under luftinga. Også matlukt og bållukt blir borte, seier Kimsås.

Ho synest det er artig å legge kleda ut i hagen, og tenker at slik blei det også gjort i gamle dagar.

– Før brukte folk å hive ut ullplagg og lufte dei. Og linskjorter blei lagt i snø og sol for å bli bleika, seier Kimsås.

Ingun Grimstad Klepp er seniorforskar ved SIFO, Forbrukerforskningsinstituttet ved OsloMet.

Seniorforskar Ingun Grimstad Klepp seier at både snø, luft og kulde kan bidra til å gjere kleda våre reinare.

Foto: Ketil Kern / NRK

LES OGSÅ:

Snø og luft til reingjering

Ingun Grimstad Klepp er seniorforskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet. Ho seier at både snø, luft og kulde kan bidra til å gjere kleda våre reinare.

– Kulde er perfekt for å få bort midd og andre småkryp i sengetøy, madrassar og stoppa møblar, som elles er vanskeleg å vaske, seier Klepp.

Snø kan brukast som reinsemiddel til blant anna golvteppe. Då gnir ein snøen inn i teppet og ristar den av etterpå.

Når det gjeld ullklede er lufting ein effektiv måte å fjerne sveittelukt på.

– Då er det fuktig luft som er best. Det kan gjerast både inne på badet eller ute, seier forskaren.

Nomeda Kimsås luftar bunader og ull i snøen

Fukt frå snøen bidreg til å gjere luftinga av tøyet meir effektivt.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK