NRK Meny

Nok pengar til trappene

Trappene til Fjellstua i Ålesund blir pussa opp slik som det er lagt opp til. Kommunen får pengestøtte frå Kjell Holm-stiftinga, i tillegg til pengar frå næringslivet som har kome inn etter initiativ frå stiftinga. Utan private gåver hadde ikkje kommunen hatt råd til dette. Oppussinga kostar 3 millionar kroner, og trappene skal stå ferdig mai 2015.

Bytrappa til Aksla har kulturhistorisk verdi
Foto: Sissel Brunstad / NRK