Hopp til innhold

Nok eit tap for Molde

Eit passivt Molde-forsvar gjorde at Start gjekk av med sigeren i kveldens kamp på Aker stadion.

Start

Startspelarane jublar etter 0-1 mot Molde

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

FØLG KAMPEN HER: Bodø/Glimt - Fredrikstad

Eit sovande Molde-forsvar fører til scoring for Start etter 15 minutt. Eit langt innkast frå Start vert stussa vidare inn i feltet. Mads Stokkelien står umarkert og headar ballen i mål frå tre meter.

Like etter kjempar Fall seg inn i feltet, men vert stoppa av Goodson innanfor sekstenmeteren, og dommar Tommy Skjerven dømmer straffespark. Magne Hoseth tek straffa, og sender keeper Kenneth Høie til venstre og ballen til høgre. Stillinga er 1-1.

Molde dominerer kampen mot slutten av andre omgang, men mot spelet sin gong scorar Start. Geir Ludvig Fevang kjempar seg gjennom og flikkar ballen ut til Espen Børufsen som sett ballen enkelt i mål, 1-2.

Start med to strake

Sist Molde vann i serien var 2-1 heime mot Haugesund 16. mai.

Sørlendingane kan dermed vente seg eit heimelag som er svært interessert i dei tre moglege poenga.

Samstundes er det eit sjølvsikkert Start som kjem til Molde, etter to strake sigrar.

Begge dei to siste Start-kampane vart vunne med eitt mål; 2-1 i Sandefjord og 1-0 heime mot Aalesund.

LES MEIR: Rekdal: - Et unødvendig tap

Storkamp i fjor

Om Molde treng inspirasjon når dei skal på grasmatta på Aker stadion, kan dei tenkje på då dei tok imot Start i fjor.

Blåtrøyene knuste sørlendingane 8-1, og Magne Hoseth skåra ekte hattrick på åtte minutt like før pause.

LES MEIR: Molde knuste Start

Den kampen sikra Magne Hoseth ein plass på landslaget.

LES MEIR: Hoseth i troppen mot Skottland

Før kampen ligg Molde på 13. plass på tabellen med 18 poeng. Start ligg på 7. plass med 25 poeng.