Hopp til innhold

- Trur Lysbakken vert ein god partileiar

Møre og Romsdal-delegasjonen er nøgde med Audun Lysbakken som partileiar.

SV-delegesjon frå Møre og Romsdal

Landsmøtedelegasjonen til Møre og Romsdal SV.

– Vi trur Lysbakken vert ein god partileiar som vil føre politikken vår vidare på ein god måte, seier fylkesleiar Oddrun Aarflot.

Audun Lysbakken vart i går valt til ny partileiar med 192 røyster. Berre 15 SV-delegatar stemte blankt.

Les også:

Utfordrande

Også Manuel Navarro frå Sykkylven trur Lysbakken vert ein god partileiar. Han mana landsmøtet til å stå saman om å atterreise SV i den utfordrande tida partiet er inne i.

Lyntog

Nærings og arbeidslivspolitikk er saker som Møre og Romsdal SV vil fronte i høve til partileiinga.

Stein Øyvind Magnell frå Stranda minte under landsmøtet om at SV har stått på fagrørsla si side i den viktige vikarbyrådirektivsaka. Kollektivtransport i distriktet og lyntog til Møre og Romsdal var også nokre stikkord for delegasjonen frå Møre og Romsdal.