Hopp til innhold

Nøgde med forhandlingane

Både Norge sin fiskeriminister Harald Tom Nesvik og Russland sin fiskeriminister Iija Sjestakov er godt nøgde med forhandlingane i Ålesund denne veka. Men trass i godt forhandlingsklima bekreftar Sjestakov til NRK at dei neppe kan strekke seg så langt som Norge ønskjer. Det handlar mellom anna om reduserte torskekvotar i Barentshavet i 2019. Norge ønskjer mellom anna å skjere ned noverande torskekvote med 100.000 tonn, men så stor nedgang ønskjer ikkje Russland. Forhandlingane i Ålesund er svært viktige, og dei involverte reknar med å kome i mål i kveld eller i morgon. Det er til saman snakk om verdiar på 17–18 milliardar kroner.

Iija Sjestakov og Harald Tom Nesvik
Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL