Hopp til innhold

Nødtelefonar kan bli løysinga

Norddal-ordførar Arne Sandnes er glad for at fylkeskommunen tar intiativ for å få plass nødtelefonar på strekninga Trollstigen-Valldal, som i dag er utan mobildekning. Der er mykje trafikk i turistsesongen, og det har også vore alvorlege ulykker på strekninga. Sandnes meiner nødtelefonar ikkje er ei fullgod løsying, men rosar initiativet frå samferdselssjefen. – Men staten si haldning er ei skandale, seier Sandnes.

Mobildekning
Foto: Rune Kjær Valberg/NRK