NRK Meny
Normal

No vil alle bygge humlekasse

Over heile landet er det stor interesse for å lære å lage den perfekte humleheimen. Her kan du sjå korleis det skal gjerast.

Over heile landet er det stor interesse for å lære å lage den perfekte humleheimen. Her kan du sjå korleis det skal gjerast.

I Kristiansund var det mange som ville lære å lage humlekasse.

Atle Mjelde frå foreininga La humla suse er ein av Europas største humleekspertar. Frå han var liten gutunge har han laga eigne humlekasser for oppdrett og no reiser han landet rundt for å halde kurs. I Kristiansund var klasserommet fullt av lærevillige elevar som vil gjere ein innsats for humla.

Finn ikkje musebol

Dei siste åra har humlebestanden blitt mindre og for å snu trenden er eit av tiltaka å bygge kunstige bol for humlene. Desse skal likne mest mogleg på eit musebol, sidan det er til gamle musebol humlene søker. I byar og tettbygde strok finn ikkje humla egne plassar.

– Det er viktig å innreie kassa med riktig materiale, forklarer Mjelde dei vaksne, lydhøyre humlekassebyggjarane.

Han legg tørt plengras og oppreve ulltøy i kassa med to hol i. Humla vil ha det varmt og godt og trivst best med 30 grader i heimen. Det er også viktig å ikkje ha for mykje isolasjon i kassa og unngå å tettpakke den. Då får nemleg ikkje humla plass til å utvide.

LES OGSÅ:

Alle vil ha humlekasse

Humlekasse

Å bygge humlekasse er eit av tiltaka for å auke bestanden av humler. I heile landet vert det arrangert kurs.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg har stort sett vore åleine om denne interessa, men plutseleg vil alle ha humlekasser, seier læraren.

Dei neste vekene held han 14 kurs og alle er stort sett fulle.

Elena Wernichsen er ein av dei som vil lære kunsten å bygge humlekasse og grunnen til det er ho synest humla er så viktig.

– Hadde folk visst kor viktig humla er, hadde vi nok fylt heile skulen med interesserte, seier Wernichsen.

Saman med andre insekt er humla heilt naudsynt for 75 prosent av alle matslaga vi har. Mjelde trur mange for ei aha-oppleving. Og med slike viktige skapningar, skal det ikkje sparast på inventaret.

– Humlene skal ha litt luksus. Skal ein ha bustadkasse må det leggast ein del arbeid i det, seier Mjelde.