NRK Meny
Normal

Veromslaget tok knekken på ferja Tingvoll

Veromslaget tok søndag ettermiddag knekken på driftssystemet til ferja Tingvoll. Først klokka 19 kunne ferja starte igjen, etter fleire timars stans.

Tingvoll

Bilferja Tingvoll klarte ikkje veromslaget søndag ettermiddag. Mannskapet arbeider for fullt med å løyse problema.

Foto: Fjord1

Det har vore sprengkaldt mange stader i fylket dei siste dagane, med temperaturar ned i over ti minus, også langs kysten.

Men søndag var det ikkje lenger like kaldt, og måndag er det venta endå mildare ver. Veromslaget skapte problem for bilferja Tingvoll.

Dette er ein kjent problematikk på eldre ferjer. Når røra ikkje er isolerte blir det ispropp, seier skipper Steve Runar Kalvøy på ferja Rauma, som går i det same sambandet.

Han seier dei er obs på problematikken når det skjer brå temperaturendringar.

Frosne rør i manøveranlegget

Det er ifølgje Fjord1-leiinga frosne rør i manøveranlegget som konkret har skapt vanskar no. Ferja måtte leggje til kai etter turen klokka 13.40 søndag. Då klarte ikkje systemet å handtere veromslaget. Først klokka 19 kunne dei starte igjen.

Røra er truleg frosne, då får du ikkje luft gjennom, og dermed ikkje omdreiing på motoren. Du får heller ikkje manøvrert, forklarer operativ leiar Karstein Holm i Fjord1.

Tar unna trafikken

Mannskapet arbeidde søndag ettermiddag med å varme opp røra og få ferja i drift igjen, og i mellomtida klarte dei to andre ferjene i sambandet, Rauma og Svanøy, å ta unna trafikken.

Vi er i januar, den svartaste månaden og det stillaste tidspunktet, så her klarer vi å ta unna, det er ingen problem med attståande bilar, seier Kalvøy.