Hopp til innhold

Fleire ferjer måtte gje tapt for stormen 1. juledag

Uveret langs kysten har stoppa fleire ferjesamband på Sunnmøre og Nordmøre 1. juledag.

Ferja mellom Tømmervåg og Seivika er innstilt

Det er ikkje mogleg å kome seg mellom Tømmervåg og Seivika fredag ettermiddag. Ifølgje Vervarslinga skal vinden spakne fredag kveld.

Foto: Jens Halten

Klokka 15:24: Norled melder at ferjesambandet Hareid-Sulesund er i normal drift frå klokka 15.30.

Den kraftige vinden 1. juledag har skapt så store utfordringar for ferjene mellom Hareid og Sulesund at dei blei innstilte i omlag to timar.

Lange køar ved Seivika-Tømmervåg

Det er lange køar ved ferjesambandet Seivika-Tømmervåg etter at uveret gjer at ferjene må innstille.

Foto: Jens Halten

Først kom beskjeden frå Norled om at to konkrete avgangar blei avlyst, like før klokka 13.30 kom melding om at ferjene i sambandet er innstilt inntil vidare.

Også ferjesambandet Seivika-Tømmervåg er innstilt.

Sambandet Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya er opna etter å ha vore stengd, men ifølgje Nordled blir det forseinkingar på grunn av veret.

Jolle til land i Kristiansund

Ferjekaia på Ørsneset

Uveret herjar også på Ørsneset ferjekai i Sykkylven, men sambandet går førebels som normalt.

Foto: An-Magritt Skorgenes

I Kristiansund har ei jolle drive til land i den sterke vinden.

- Vi har fått nokre meldingar om drivande fartøy, og reknar med det kjem fleire, seier operatør Magnus Sæther ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Sunnmøre politidistrikt har førebels ikkje fått meldingar om skade i uveret.

  • Send oss gjerne bilde om du kjem deg ut i ruskeveret! Bruk epostadressa mr@nrk eller emneknaggen #nrkmogr på Instagram.

Kjem seg ikkje til sjukehuset

Inge Bergseth på veg til sjukehuset

Inge Bergseth og sonen Jon-Arild Bergseth står fast i ferjekøa. Sterk vind gjer at ferjene er kansellerte.

Foto: Synnøve Stephansen

Inge Bergseth og kona Jorunn Ågot Bergseth frå Ulstein er fredag ettermiddag på veg til sjukehuset i Ålesund, etter å ha hatt permisjon. No står også dei faste i ferjekøa.

- Eg syns det er heilt forferdeleg at det skal gå slike ferjer her, seier ho.

Mannen skulle vore tilbake på sjukehuset klokka 14 for å få nødvendig behandling, og no veit dei ikkje kva dei skal gjere medan uveret herjar.

Har varsla storm 1. juledag

Årsund hyttefelt i Tingvoll

Regn på ruta: dette bildet er tatt frå Årsund hyttefelt mot Årsundøya i Tingvoll 1. juledag. Gordon Frostad skriv: 'Ruskevær og derfor innevær'.

Foto: Gordon Frostad

Meteorologane har tidlegare sendt ut varsel om at det blir storm langs kysten 1. juledag.

Før julaftan gjekk meteorologane ut og varsla at det kom til å bli så dårleg ver 1. juledag at det ikkje var vits å gå ut i det heile tatt.

Fredag ettermiddag er varselet slik:

«Sørvest liten storm utsette stader, full storm på kysten, vinden dreiar vestleg. Frå i ettermiddag nordvest full storm utsette stader. Regn og snøbyer, snø over 400-700 meter. Utrygt for torever. I kveld minkar vinden til nordvest stiv kuling, først i sør. Sluddbyer og snøbyer.»

Les også:

Uvær på Alnes
Foto: Asbjørn Røsås