Hopp til innhold

– Aldri ein diskusjon om skipet skulle gå

Losoldermann Emil Heggelund seier at det ikkje var noko som tilsa at cruiseskipet «Viking Sky» ikkje kunne gå over Hustadvika laurdag på grunn av vêret.

Nødetatene stod klare da Viking Sky kom til Molde

Alle naudetatane stod klar då cruiseskipet Viking Sky la til kai i Molde i går. No skal mellom anna Statens havarikommisjon og Sjøfartsdirektoratet prøve å finne ut kva som skjedde då skipet fekk motorhavari laurdag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laurdag blei det sett i verk ein omfattande redningsaksjon då cruiseskipet Viking Sky fekk motorproblem ved Hustadvika utanfor Møre og Romsdal.

Losoldermann Emil Heggelund

Losoldermann Emil Heggelund seier at det ikkje var noko som tilsa at Viking Sky ikkje kunne gå over Hustadvika laurdag på grunn av vêret.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Ifølgje BT var kapteinen si avgjerd om å gå over Hustadvika i uvêret i tråd med dei første råda han fekk av dei to losane som var om bord i skipet. I ettertid har nokre vore kritiske til at skipet i det heile la ut på ferda.

Losoldermann Emil Heggelund hadde to av sine losar om bord i cruiseskipet og hadde tett kontakt med dei gjennom helga. Han seier at det ikkje var noko som tilsa at Viking Sky ikkje kunne gå over Hustadvika laurdag.

– Så vidt eg har fått vite, så var det aldri ein diskusjon om dei skulle gå eller ikkje.

– Er det ikkje litt rart når Hurtigruten valde å ikkje gå?

– Eg veit ikkje kvifor Hurtigruten gjorde det. Men vi må huske at dette er eit 203-meter havgåande fartøy som er to år gamalt og bygd etter høgaste standard. Det ikkje noko som tilseier at dette fartøyet ikkje kunne gå eller at seglasen ikkje kunne bli utført på ein sikker og trygg måte, seier Heggelund.

– Treng ikkje nasjonale retningslinjer

Hustadvika er eit opent havstykke i Fræna kommune, i skipsleia mellom Molde og Kristiansund. Området er kjent for krevjande vêrforhold.

Medan kapteinane på nordgåande og sørgåande hurtigruter valde å ligge til kai i uvêret laurdag, la cruiseskipet Viking Sky ut på ferda frå Tromsø til Stavanger. Ifølgje ekspertar var ikkje skipet langt unna ei grunnstøyting laurdag.

Lars Alvestad, Sjøfartsdirektoratet

Fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad, meiner at det ikkje er behov for felles retningslinjer for når skip bør ligge til kai.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad, meiner likevel ikkje at det er behov for felles retningslinjer for når skip bør ligge til kai.

– I slike diskusjonar er kapteinens rolle veldig klar, og eg trur verken vi som overordna myndigheit eller andre skal ha ei meining om dette. Vi skal ikkje gå inn og overstyre. Det er kapteinen som bestemmer. Han har førstehandskjennskap til situasjonen og vil heile tida vere den som tek den rette avgjerda, seier han.

Alvestad seier vidare at han vil vente til Havarikommisjonen sin rapport er klar før ein byrjar å snakkar om årsaka til motorhavariet.

Pressekontakt Marius Steen i driftsselskapet Wilh. Wilhelmsen Holding vil ikkje seie kva forklaring kapteinen på cruiseskipet Viking Sky har gitt. Men Steen seier til BT at selskapet har hatt kontinuerleg kontakt med kapteinen undervegs.

Startar undersøking

Både Sjøfartsdirektoratet, politiet og havarikommisjonen skal om bord i skipet måndag, for å etterforska kva som skjedde då cruiseskipet fekk motorhavari og nesten grunnstøytte ved Hustadvika med 1373 menneske om bord.

Polygon på Storkaia i Molde for å rydde opp i Viking Sky

Både Sjøfartsdirektoratet, politiet og havarikommisjonen skal om bord i skipet måndag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Først og fremst handlar det om å finne ut kva som har skjedd, korleis det skjedde og kvifor. Vi skal gjennomføre intervju, samle inn elektroniske spor og data og sette dette saman til eit hendingsforløp, seier avdelingsdirektør Dag Liseth i Statens havarikommisjon for transport.

Viking Sky

Cruiseskipet fekk motorproblem ved Hustadvika i Møre og Romsdal.

Foto: Odd Roar Lange

Vil bidra med inspektørar

Også Sjøfartsdirektoratet skal bidra. Sjølv om dei har leigd inn klassifiseringsselskapet Lloyds til å gjere hovuddelen av undersøkingane, skal dei framleis vere med om bord. Det seier kommunikasjonssjef Dag Inge Aarhus.

– Vi ønskjer å vere delaktige ettersom dette er var ei stor hending som kunne hatt eit stort skadepotensial. Difor vil vi mellom anna å bidra med inspektørar som blir med om bord i skipet, seier han.

Når svaret på kva som har skjedd er klart, vil ikkje Havarikommisjonen spekulere i.

– Vi har nettopp starta undersøkingane og må ha litt meir fakta på plass først, seier Liseth.

Opprettar undersøkingssak

Politiet har også oppretta ei undersøkingssak i tilknyting til motorhavariet til Viking Sky.

– Det er ingen mistanke om straffbare forhold i denne saka. Men straffeprosesslova opnar for at det blir gjennomført undersøkingar for å avklare årsaka ved ei slik hending, sjølv om det ikkje er ein mistanke om noko straffbart, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han understrekar at politiet vil samarbeide med andre norske myndigheiter som gjer undersøkingar i samband med havariet.

Videoen fra en Viking Sky-passasjer som venter evakuering ligner en skrekkfilm. (Video: Alexus Sheppard/Twitter)

Ein av passasjerane om bord i Viking Sky-skipet filma delar av dramatikken. (Video: Alexus Sheppard/Twitter)

Les alt om saka her: