Hopp til innhold

No startar ryddearbeidet

Med det same politiet fjerna vegsperringane starta ryddearbeidet rundt den samanraste bygningen i Fjelltunvegen i Ålesund.

Nå starter ryddearbeidet.
Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK

Onsdag ettermiddag fekk dei fleste av dei 296 evaukerte flytte heim igjen. Ved 18-tida avgrensa politiet det avsperra området.

Fjernar sperringar
Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK

For det er ikkje alle dei evakuerte som får flytte heim att. Politiet vil framleis sperre av eit avgrensa område rundt bygget inntil dei omkomne er tatt ut.

Gravemaskin

I lag med heimkomne evakuerte køyrde ei gravemaskin frå Blindheimmaskin inn i Fjelltunvegen.

- Vår jobb er å rydde gata utafor huset, seier Øystein Hurlen i Blindheim Maskin.

Øystein Hurlen.

Øystein Hurlen i Blindheim Maskin.

Foto: Arild Pettersen. / NRK

I første omgang set dei inn ei gravemaskin og ein lastebil til dette arbeidet.

Arbeidet med å rive restane av bygnignen vil ikkje starte før dei fem omkomne er tatt ut og det er lagt ein sikker plan for korleis dette kan gjerast.