Hopp til innhold

No startar oppseiingane i Prezioso Linjebygg

I førre månad varsla Prezioso Linjebygg at dei ut over hausten ville ha 70 for mange tilsette. No har dei 40 første fått varsel om oppseiing, skriv rbnett.no.

Arbeidere fra Prezioso Linjebygg i Molde i full jobb på plattform

Det er særleg dei offshoretilsette som blir ramma av oppseiingane.

Foto: Prezioso Linjebygg

Det er prosessen som blei varsla i april som no går sin gang, og som rammar tilsette i bedrifta over heile landet.

– Dei fleste har ei oppseiingstid på tre-fire månader, og gjeld frå månadsskiftet, seier administrerande direktør Kristoffer B. Jenssen til rbnett.no.

Kristoffer B Jenssen

Administrerande direktør Kristoffer B. Jenssen er førebudd på at nedturen i olje- og gassnæringa held fram.

Foto: PREZIOSO Linjebygg

Av dei tre forretningsområda som Prezioso Linjebygg arbeider innanfor, er det nedturen i olje- og gass næringa som gjer at tilsette må gå.

Denne nedturen reknar bedrifta vil halde fram resten av året, om ikkje lenger. Dei fleste av dei som no er overtalige er difor offshoretilsette, men og nokre tilsette på land.

– Dei 30 andre tilsette som er overtalige får tilbod om andre stillingar i bedrifta, seier Jenssen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL