Hopp til innhold

No startar kantslåtten i Møre og Romsdal

I vegkanten veks no løvetann, høymole og andre vekstar. Det kan vere vakkert, men no byrjar kantslåtten. Trafikktryggleiken er aller viktigast.

Kantklipp

I stor grad går ryddinga føre seg med maskinar som dette.

Foto: Ellinor Hansen, Statens vegvesen

I Møre og Romsdal byrjar kantslåtten no i slutten av mai. For vekstsesongen er i full gang.

Vi startar straks kantslåtten som skal gi betre sikt og tryggleik langs vegane, seier seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye.

Mai og august er kantslåttmånader

I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått. Den eine frå mai og den andre startar i august.

Mange er flinke til å passe på gjerde og eigedomsgrenser. Vi skal slå vegkantane på 3200 km fylkesveg, og da hender det dessverre ganske ofte at entreprenørane våre blir hindra av gjerde som står for tett på vegen, at det er montert rett på autovernet, det ligg stålstrengar eller netting i grøfta som kjem inn i slåmaskina.

Torgeir Bye

Torgeir Bye er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Terje Reite / NRK

– Tek vare på artsmangfaldet

Eit av måla ved kantslåtten er å hindre spreiing av uønskte vekstar. Ved å slå tidleg og seint på sommaren tek ein òg vare på vekstar ein vil ta vare på.

Å bevare artsmangfald, insekt og naturmangfald er høgt prioritert. Arbeidet med å hindre framande artar, styrkar levevilkåra for naturlege norske arter og insekt som trivst i vegkantar og vegskråningar, seier Bye.

– Treng samarbeid med grunneigarar

Ein del stader ligg gjerde tett inn til vegen. Bye understrekar at tremetersgrensa må overhaldast.

Skal vi få gjort denne jobben effektivt er vi avhengig av eit samarbeid med grunneigarar langs fylkesvegane. Gjerde langs vegen bør vere minst 3 meter frå vegkanten for ikkje å hindre arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding. Dei bør òg vere i god stand, seier , Bye.

– Kan bli køar

Medan arbeidet går føre seg kan det oppstå køar. Entreprenørane skal sleppe forbi trafikken når dei har moglegheit og unngå rushtid på dei mest trafikkerte vegane.

Vi oppmodar trafikantane til å vise omsyn, vere tolmodige og ikkje ta sjansar med farlege forbikøyringar, seier Bye.