Hopp til innhold

No startar kampen for nytt fengsel

Ein rapport slår fast at det må byggjast nytt fengsel i Ålesundsområdet. No startar arbeidet for å skaffe pengar til bygginga.

Ålesund fengsel

Ålesund fengsel er gamalt og utdatert. Ein rapport slår fast at fengselet er ueigna, og at det bør byggjast nytt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fengselet i Ålesund ligg midt i sentrum. Bygningane er frå 1860 og fengselet blei gjenreist etter brannen i 1904. Fasadane er freda, så det er ikkje mogleg å byggje ut fengselet der det ligg i dag.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr er leiar i Sunnmøre regionråd.

Foto: Johan Hjelvik

– Vi var gjennom ein kamp tidleg på 2000-talet. Den gongen vann ikkje Sunnmøre fram. No er det viktig å sørgje for at det blir nytt fengsel på Sunnmøre. Vi tek fatt i dette så snart som råd, seier leiar i Sunnmøre regionråd, Arnulf Goksøyr.

– Dette er noko som hastar?

– Så lengje fasilitetane i Ålesund ikkje strekkjer til kvalitetsmessig, er det om å gjere å få avklart både byggetidspunkt og kvar det skal ligge. Så kan vi innrette oss på ein ny situasjon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ålesund bør prioriterast

Men det kjem til å bli kamp om pengane og om å kome høgast på prioriteringslista. I region vest treng også Haugesund ei opprusting av fengselstilbodet. Det same gjeld ei rekkje stader i heile landet. Ifølgje rapporten skal fleire dårlege og små fengsel erstattast av nye, samlokaliserte fengsel.

Jenny Klinge

Jenny Klinge sit på Stortinget for Senterpartiet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ålesund er eitt av dei fengsla som det blir peika på i sterkast grad. Her må ein ha eit nytt bygg. Vi skal argumentere godt for Ålesund, for at dette blir realisert raskast mogleg, seier justispolitikar i Senterpartiet, Jenny Klinge.

– Pengane først

Eit nytt fengsel kan ikkje byggjast der det gamle ligg i dag. Fasaden er verna, og det er for trongt i sentrumsområdet i Ålesund. Det er i dag uklart om eit nybygg kjem innan kommunegrensene til Ålesund, i Haram, Sula, Skodje eller ein annan stad nær Ålesund.

For nokre år sidan hadde vi ei utgreiing som peikte ut Haram. Det kan dukke opp nye alternativ. Det viktigaste no er å skaffe pengar til nytt fengsel. Så får valet av stad vere ei sak for seg, seier Arnulf Goksøyr.