Hopp til innhold

Slik skal vi få vite kor mange dei er

I sol og tosifra plussgrader har fleire fuglar vore på nippet til å begynne å kvitre, sjølv om det nok er ei stund til gauk og sisik, trast og stare kjem tilbake. Men fugl er her i massevis vinteren gjennom. Spørsmålet er kor mange. Det skal vi få svaret på no.

Blåmeis og kjøttmeis

Blåmeis til venstre og kjøtmeis til høgre. Kor mange har du i hagen din? I helga kan du bli med på den store, nasjonale fugleteljinga.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Det er den landsomfattande «Hagefugltellingen 2017» som går av stabelen laurdag og søndag denne helga. Skulebarn og barnehagar har fått vere med også vi veka som har gått. Det heile går rett og slett ut på å skrive ned fuglar ein ser i hagen og å registrere det på nettsida til organisasjonen Fuglevennen.

ekspert

Ornitolog Alv-Ottar Folkestad.

Foto: Norsk ornitologisk forening

Denne fugleteljinga er slett ikkje berre tidtrøyte på hobbybasis. Den årlege teljinga gjev verdifull kunnskap til både ornitologar og forskarar.

Ha augene med dykk og noter det du ser av fugl, enten du ser dei frå sovevindauget, frå verandaen, frå hagen eller ute i naturen, seier ornitolog Alf-Ottar Folkestad til NRK.

Teljinga av hagefugl har vore arrangert i Noreg sidan 2008. Og slik skal du gå fram når du tel:

  • Tel fuglane du ser ved fôringsplassen eller i hagen. Hald på minst i ein time. Skriv ned det høgste talet du ser av kvar art samtidig.
  • Registrer deg og få passord på denne sida.
  • Her loggar du deg inn og registrerer kva område du er i når du tel fuglane. Du skal merke av plassen på kartet som kjem opp.
  • Så er det berre å skriv inn art for art og fylle inn kor mange du har sett.
  • Når du skal sende inn registreringa får du også høve til å laste opp bilete.

Fugleteljinga kan vere ein fin måte å kome seg utandørs på. Og ornitologane set stor pris på resultata.

– Det viktigaste er opplevingsverdien som folk får av å vere ute og ser på fuglane. Samtidig kan vi ornitologane følgje med på utviklinga av fuglebestandane. Då blir fuglane ein målestokk på tilstanden i naturen. Dette er den langsiktige, faglege verdien av teljingane, seier Folkestad.

Og teljinga treng ikkje gå føre seg berre ute på bygda.

Det er fugl som lever inne i svartaste byen også, seier Alf-Ottar Folkestad.