Hopp til innhold

No startar cupeventyret

Denne veka startar årets cupeventyr for fullt, og fleire lokale lag skal i kamp.

Daniel Berg Hestad kysser kongepokalen etter å ha vunnet cupfinalen i fotball.

I 2013 og 2014 gjekk Molde til topps i NM i fotball. Kven tek pokalen heim i år?

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Lag frå Møre og Romsdal har vunne NM i fotball dei fire siste åra. I tillegg vann Aalesund i 2009. Denne veka sparkast cupen offisielt i gong, og kanskje kjem pokalen heim til fylket også i år.

  • Sjå lenke til alle kampane lenger nede i saka.

Tidlegare vinnarar:

  • 2009: Aalesund.
  • 2011: Aalesund.
  • 2012: Hødd.
  • 2013: Molde.
  • 2014: Molde.

Første steg mot Ullevål

NM i fotball er for mange vårens vakraste eventyr. Her kan små lag i lågare divisjonar møte topplag frå eliteserien. Og i nokre tilfelle kan David slå Goliat, som då Hødd gjekk til topps i cupen i 2012.

Dei innleiande kvalifiseringsrundane til NM blei spelt i løpet av mars og i starten av april vart det klart kven som gjekk vidare til første runde av cupen. Denne veka håpar dei å kunne ta det første steget mot Ullevaal.

Totalt ni lag frå Møre og Romsdal er med i den første runden av NM for menn.

Her er kampane for dei lokale laga i første runde:

  • Onsdag 22. april, klokka 18.00: Surnadal–Kristiansund.
  • Onsdag 22. april, klokka 18.00: Brattvåg–Molde.
  • Onsdag 22. april, klokka 18.00: Spjelkavik–Træff.
  • Onsdag 22. april, klokka 18.00: Stryn–Aalesund.
  • Torsdag 23. april klokka 18:00: Herd–Hødd.

Kampane mellom Stryn–Aalesund, Brattvåg–Molde og Herd–Hødd blir sendt direkte på NRK.no.

Stryn–Aalesund

Stryn møter Aalesund i første runde i NM i fotball.

Brattvåg–Molde

Brattvåg-Molde

Herd–Hødd

Herd-Hødd