Hopp til innhold

No slepp høyrselshemma å ha med tolk

Når høyrselshemma i dag skal i møte, er det ofte vanleg å ha med tolk. No er det nok å logge inn på mobilen og få omsett tale til tekst.

En ny app skal gjøre livet til hørselshemma enklare

Robert Aas Osdal viser korleis det nye tolkeprogrammet fungerer.

Det nye programmet frå NAV skal gjere kvardagen til døve og høyrselshemma enklare. Dersom ein skal ha ein samtale med sjefen eller eit møte som er avtalt kort tid i førevegen, kan den høyrselshemma nytte seg av programmet. Slik det vanlegvis går føre seg i dag er at ein må bestille ein tolk som fysisk kjem på møtet. Det slepp ein no.

– Ein legg inn ei bestilling på skrivetolk ved å logge seg inn på ei nettside. Tolkar sit klar og ventar på oppdrag og tolkar dermed fortløpande frå ein annan stad i landet. Teksten kjem opp på mobil eller pc-en, forklarer Robert Aas Osdal. Han er regionansvarleg for bildetolktjenesten region Vest.

Stor terskel

Dei fire tolkane sit i Ålesund, Oslo og Bodø. Fleire personar vert sett inn dersom pågangen blir stor. Det nye programmet er utvikla i Sverige og der har det blitt ein suksess, ifylgje Osdal. Han jobbar sjølv som tolk og veit at for mange høyrselshemma er det ein stor terskel å ha med seg skrivetolk i ulike situasjonar. Dersom eit møte varer meir enn ein halvtime krevst det vanlegvis at to tolkar er med.

Meir privatliv

Fordelen med at tolkane ikkje fysisk er til stades, er også at ein får meir privatliv.

– Du kan bruke den nye tenesta til alt frå legebesøk til å gå på date. Då vernar ein jo også meir om privatlivet sitt. Tolken i andre enden høyrer jo berre lyd, seier Osdal.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL