Hopp til innhold

No slepp Vartdal Plast å kjøpe eiga ferje

Fylkespolitikarane er klare i si sak, og seier nei til nedlegging av ferjesambanda Festøy – Hundeidvik og Arasvika – Hendset.

MF Kvernes

MF Kvernes går mellom Hundeivik – Festøya, og er ei av ferjene som

Foto: Geir Løvbugt

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 21 ferjesamband. For å spare pengar kan det vere aktuelt å anten redusere tilbodet, eller legge ned eitt eller fleire samband med låg trafikk.

Fylkesrådmannen har foreslått å legge ned sambanda Festøy – Hundeidvik og Arasvika – Hendset grunna få reisande og liten aktivitet ved sambandet. Ei nedlegging av desse sambanda kunne gje 12–14 millionar kroner i årlege innsparingar.

Kuttforslaget vekte sterke reaksjonar blant dei som er avhengige av sambandet. Førre torsdag gjekk Vartdal Plast AS til og med ut og sa at dei ville vurdere å kjøpe si eiga ferje dersom sambandet vart lagt ned.

Det slepp dei truleg å gjere no.

Kuttforslag med konsekvensar

Iver Nordseth

Iver Nordset i fylkeskommunen seier dei ikkje kunne vere med på kutt som fekk såpass store konsekvensar.

Foto: NRK

Måndag sa nemleg Iver Nordset i fylkeskommunen sitt samferdsleutval at dei vil stemme nei til fylkesrådmannen sitt kuttforslag.

– Kuttforslaga får så store konsekvensar for folk og næringsliv i Møre og Romsdal, at det kunne vi ikkje vere med på, seier Iver Nordset i samferdsleutvalet.

Den nyhenda fell i svært god jord hjå dagleg leiar ved Vartdal Plast i Ørsta, Jan Endre Vartdal.

– Det er utelukkende gledeleg og positivt å høyre, og er vel eigentleg i tråd med det vi hadde forventningar om skulle bli utfallet av denne diskusjonen.

– Slepp lange omvegar

– Kva betyr dette ferjesambandet for Vartdal Plast?

– For oss så betyr det effektiv logistikk mot kundane. Dette gjev kKostnadsmessige innsparingar fordi ein slepp å køyre lange omvegar for å komme til kundar på Hundeivik-sida, seier Vartdal.

Han meiner politikarane bør vere klar over at det er deira oppgåve å leggje til rette for best muleg samferdsel i fylket. Difor har han stor tru på at sambandet Festøya – Hundeivik vil overleve når det endelege vedtaket skal gjerast i desember.

Sjå folket reagere på forslag om ferjekutt:

Trafikken minkar mellom Hundeidvika og Festøya og det er fare for at ferja kan forsvinne. Fylket har i første omgang tenkt å ta bort turar om kvelden. Planane om ferjekutt vert dårleg motteke blant dei som nyttar dette sambandet.

Svært få er nøgde med forslaget om å kutte sambandet Hundeivik – Festøy.