Hopp til innhold

No skal vi sortere endå meir av bosset

Den som trudde vi alt sorterer mykje av bosset må tenke nytt. No krev EU at 70 prosent av alt vi vil kvitte oss med skal gjenvinnast. Dette målet skal vere nådd innan 2030.

Søppel sortering

Dette er frå eit søppelsorteringsanlegg i Tromsø. Her blir søppelet sortert etter fargen på posane.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

EU vedtok sin «Cirkcular Economy Action Plan» allereie i 2015. Men reglane passerte EU-parlamentet først i førre veke. Målet er å innføre ein kretsløpsøkonomi og inneheld ei rekkje bindande mål på avfallsområdet.

I heile EU og EØS-området skal 70 prosent av alt materialavfall gjenvinnast. For å få til dette må alt avfall sorterast. Noreg har lenge vore i verdstoppen når det gjeld gjenvinning. Men sortering og gjenvinning blir praktisert ulikt i forskjellige deler av landet.

Tekstilar og byggavfall

No skal tekstilar kildesorterast og reglane for usortert matavfall blir innskjerpa. 70 prosent av alt hushaldningsavfall skal materialgjenvinnast og førebuast til ombruk.

Hilde Harstad

Hilde Harstad er leiar i Nordmøre Interkommunale renovasjonsselskap.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Vi går rett på dette 70-prosentmålet med ein gong. Matavfallet må sorterast ut. Og vi må gripe fatt i det som kjem inn til miljøstasjonane, der det kjem inn mykje byggavfall, seier Hilde Harstad, leiar i Nordmøre Interkommunale renovasjonsselskap.

I dag blir det samla inn mykje avfall som er vanskeleg å gjenvinne. Produkta er svært samansette og det manglar opplegg for å dele produkta opp slik at ein sit att med noko som kan gjenbrukast på ein fornuftig måte.

Fjørmadrassar er eit slikt eksempel. Der er det utvendige tekstilar, der er skumgummi inni. Så er der metallfjører inni. Det er ofte håplaust å plukke det frå kvarandre. Så no blir det også eit ansvar på produsentane, slik at dei lagar produkt som er mogleg å gjenvinne, seier Harstad.

Les også: Bonus til kommunar som prioriterer el-gjenbruk

Produsentane får ansvar

Ifølgje organisasjonen «Avfall Norge» er det eit sentralt punkt i dei nye reglane at produkt skal vare lenger og dei skal kunne resirkulerast lettare. EU-kommisjonen har hatt ein ønskje om at produsentane skal ta ansvar for heile kretsløpet frå design til resirkulering. I prosessen har EU arbeidd med minimumskrav til «utvida produsentansvarsordningar».

– No må også produsentane ta ansvar for heile kretsløpet, seier Harstad. Dette gjeld ikkje berre møbelindustrien men også innan elektronikk. I dag er det nesten umogleg å reparere ein TV eller ein mobiltelefon om han vert øydelagd. No vonar eg at vi skal kunne bruke dei varene vi faktisk har lenger enn det som er tilfelle i dag.

Mindre til forbrenning

I dag går mykje av avfallet til forbrenning og dermed som regel til oppvarming gjennom fjernvarme. EU er mindre opptekne av dette.

Dette er eit litt uklart punkt. For det er viktig å ta vare på energien som ligg i restavfallet. Og det er jo fornuftig å bruke dette til å varme opp husa våre. Men i forskriftene som kjem no handlar det om 70 prosent materialgjenvinning, dermed skal det vere minst mogleg igjen til energiproduksjon i forbrenning, seier Harstad.