NRK Meny
Normal

Sjøpølsa skal opp og fram i lyset

Prisen på sjøpølse har auka kraftig dei siste ti åra og marknaden vil ha nye produkt, seier forskar Margareth Kjerstad. Saman med fiskarar som vil satse, skal ho prøve å få den norske sjøpølsa ut til den asiatiske marknaden.

Margaret Kjerstad viser norsk sjøpølse

Ho har stor tru på sjøpølsa og trur asiatane vil ha den norske utgåva

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er 11 år sidan forskar Margareth Kjerstad første gong jobba med eit prosjekt knytt til sjøpølse. Sidan har ho tenkt at her ligg det store moglegheiter. No har ho fått 1.5 millionar kroner av Møre og Romsdal fylke til å forske på sjøpølse, det skal ho gjere saman med fleire bedrifter som har fått løyve til å fiske den.

Vil satse på Fjørtofta

Det nystarta firmaet C-Q catchers AS er eitt av selskapa som har fått løyve av fiskeridirektoratet til å fiske sjøpølse. Fredrik Alvestad frå Ulsteinvik seier dei har nyutvikla reiskap for å fangste og vil satse. Fleire har prøvd før, men det har vore vanskeleg, seier han.

Fredrik Alvestad

Har gryteklart prosjekt for å satse på fangst og foredling av sjøpølse

Foto: Fredrik Alvestad / Privar

Vi har visst for lite både om bestanden og biologien. Vi har trengt nye reiskap og nye linjer for produksjon av sjøpølser. Det er både dyrt og krev mykje kompetanse og vi hadde aldri klart det utan tett samarbeid med Møreforsking og Innovasjon Norge, seier han.

No har dei planane klare for å starte.

Befaring på Fjørtoft

Bilete teke på Fjørtofta under synfaring, saman med kinesisk samarbeidspartnar. Frå v. Xianzhuo Meng, Bing Brynhildur, Yunlin Zhan, Vegard Moltubakk, og Fredrik Ulvestad.

Foto: Fredrik Alvestad / privat

– Vi har ein liten reketrålar som er ideell til å teste ut dette, og vi ønsker å etablere ein fabrikk på Fjørtofta i Haram kommune. Fjørtofta ligg midt i smørauget til fangstfelta, og med satsing på Nordøyvegen så trur vi at dette er den heilt rette plassen, seier han.

Havets superviagra

Sjøpølse er eit av dei best betalte sjømatprodukta i det asiatiske marknaden. Spesielt i Kina har det vore eit ettertrakta helseprodukt i over tusen år.Også Japan, Korea og India er ein stort marknad for sjøpølser, seier Margareth Kjerstad.

Norsk sjøpølse

Slik ser ei raud norsk sjøpølse ut når den er fersk.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Havets Viagra og ginseng er namn den har fått, og det er dei helsemessige effektane som gjer at produktet er så ettertrakta.

– Den smaker eigentleg ikkje så mykje, og har ein litt seig konsistens, seier ho. Det er vanleg å ete den saman med annan sjømat og grønsaker marinert i riseddik.

Den mest vanlege måten å foredle den på er å sløye sjøpølsa, koke, salte og tørke den. Da blir den veldig mykje mindre og skiftar farge.

tørka sjøpølse

Svart japansk sjøpølse er den mest ettertrakta. Denne kostar opp mot 10 000 kr kiloen

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Svart Japansk sjøpølse er den mest ettertrakta. Margareth Kjerstad seier at prisen på dei mest ettertrakta sjøpølsene har tidobla seg sidan ho starta å interessere seg for den for ca. ti år sidan.

Vår sjøpølse er i same familie. Men den skal helst ha piggar, det har ikkje vår.

Ligg på botn og ventar på å bli brukt

Sjøpølse er i dag stort sett berre ein irriterande bifangst for dei som fiskar reker, og blir ikkje brukt.

– På Island har dei starta eit lite fiskeri etter brun sjøpølse, dei er dei einaste i norden. I Danmark ser dei no på moglegheiter slik som vi no har fått støtte til, seier ho.

Margareth Kjerstad gleder seg til å bli med ut på den vesle reketrålaren til C-Q catcher og håper dei får til eit gjennombrot for den norske sjøpølsa.

Vi veit lite om biologien og bestanden til den norske sjøpølsa, det skal vi finne ut av no, seier ho.