Det er målet både til næringa, kommunen. direktoratet og departementet. Og i samband med at landbruksminister Jon Georg Dale er på heimlege trakter har Landbruksdirektoratet gitt tilsagt om 12,5 millionar kroner til ei realisering av ny Ørsta tømmerterminal. Totale kostnader for å få kaia på plass er berekna til 17 millionar.
I dag går det 37 000 kubikk tømmer over kaia pr.år, men det blir rekna med at dette aukar til 70 000 kubikk i løpet av nokre år.
– No kan vi endeleg lande dette prosjektet, sa landbruksminister Jon Georg Dale då han offentleggjorde løyvingane onsdag ettermiddag.
Pengar til fleire
Når pengane no kjem på plass betyr det at kaifronten blir dobbelt så lang som i dag. Det lettar lossearbeidet og gjer og at det blir mykje meir plass til lagring.
Landbruksdirektoratet meiner ei utbetring av denne kaia vil vere viktig for lønsam bruk av store ressursar i søndre del av fylket. Det blir no køyrt eit program for å ruste opp kaier langs heile kysten, og kaia i Ørsta er ei av 14 som er prioriterte. Fleire av desse har allereie fått pengar, også her i fylket.
- Les også:
Frå bil til båt
Noko av målet er og å få meir av tømmertransporten over frå bil til båt, sidan det er både meir miljøvenleg og meir effektivt.
Mykje av tømmeret frå vår region går til eksport, mellom anna til Tyskland. Tømmeret som no skal skipast ut frå Ørsta er den skogen som blei planta gjennom store delar av 1900-talet. Den er no klar for hogst, men den store flaskehalsen har vore mellom anna låg kaikapasitet.
Hogsten har vore langt mindre enn det som er muleg, og kyststripa har gått glipp av mykje næringsverksemd og verdiskaping.Viss dette no kjem i gang kan det gi grunnlag for mange arbeidsplassar. Og det ikkje berre på kort sikt, då dette er ein ressurs som kan fornyast i all framtid.