Hopp til innhold

Sterk auke i talet på kvinnelege ordførarar

Det har blitt ein kraftig auke i talet på kvinnelege ordførarar i Møre og Romsdal. I førre periode var det berre to kvinner som var ordførarar i fylket. No er det ni.

Kvinnelege ordførarar i Møre og Romsdal

Her er alle dei kvinnelege ordførarane på eitt brett. Øvst frå venstre: Tove Henøen, Eva Hove, Ingunn Golmen, Eva Vinje Aurdal, Milly Bente Nørsett, Lilly Gunn Nyheim, Ingrid Rangønes, Karen Simonnes Aanes og Lena Landsverk Sande.

Foto: Montasje / NRK

Valglogo

Valet er over og det er også konstitueringa med ordførarar, varaordførarar, formannskap og utval. Og no teiknar det nye biletet seg: Kvinnene har for alvor innteke ordførarstolane i Møre og Romsdal.

Tove Henøyen frå Senterpartiet er den første kvinna i Fræna som skal ha ordførarkjedet på seg. Ho tykkjer det er ei ære å få dette vervet.

Det er ærerikt å få lov til å bli ordførar i Fræna. Og det er ekstra stas å få vere den første kvinnelege ordføraren.

Også i Vanylven er det første gong at det er ei kvinne som er ordførar. Lena Landsverk Sande blir ordførar der.

Veggen med bilete av ordførarane her inneheld berre bilete av menn. Og det er veldig kjekt å få æra av å vere den første kvinnelege. Det kjem no inni historiebøkene, men det er no ikkje det som er grunnen til at eg vil vere ordførar, seier ho.

– Det er ein utruleg spennande jobb. Og eg veit eg kan bidra på mange område.

Det er altså 9 kvinner som blir ordførar i Møre og Romsdal. Her er heile lista:

  • Aure: Ingunn Golmen (Sp)
  • Averøy: Ingrid Rangønes (Ap)
  • Fræna: Tove Henøen (Sp)
  • Stordal: Eva Hove (Ap)
  • Surnadal: Lilly Gunn Nyheim (Ap)
  • Tingvoll: Milly Bente Nørsett (Ap)
  • Vanylven: Lena Landsverk Sande (V)
  • Ørskog: Karen Simonnes Aanes (Ap)
  • Ålesund: Eva Vinje Aurdal (Ap)

Arbeidarpartiet har 6 av dei kvinnelege ordførarane. Senterpartiet har to, og Venstre har fått fram éin kvinneleg ordførar i denne perioden.

Eva Vinje Aurdal (Ap) er ikkje berre ordførar i Ålesund. Ho er også leiar i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal. Ho har ofte påpeikt at dei lokalpolitiske topp-posisjonane har vore skeivt fordelt mellom menn og kvinner.

Ho er no blitt den første kvinnelege ordføraren i Ålesund.

Det er veldig bra. Vi er på rett veg. Men vi er ikkje nøgde enno. Vi har ein del å gå på. Eg meiner det er naturleg å tenkje at det skal vere halvparten av kvart kjønn, seier Eva Vinje Aurdal.