Hopp til innhold

Hotell skal gjere gjestane friske

VALLDAL (NRK): I dag starta gravearbeidet på tomta der eit helsehotell med 40 rom skal byggast. Investor Erik Berg hadde tårer i augene.

Erik Berg i Valldal

Erik Berg har i årevis hatt planar om å bygge eit hotell i Valldal. I dag starta gravearbeidet på tomta.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Medan laksen hoppar i elveosen i Valldal sentrum, står styreleiar i selskapet Classic Norway, Erik Berg, med hotellteikingane i handa.

– Eg blir heilt rørt når eg ser rundt meg kor fint det er her. Visst ikkje gjestane blir friske av dette, veit ikkje eg, seier Berg.

Hotellet skal stå ferdig til juli neste år og er eit samarbeid med rehabiliteringssenteret Muritunet. Om sommaren skal hotellet vere for turistar, medan det skal vere eit helsehotell resten av året. Hotellet kjem til å koste mellom 45 og 50 millionar kroner.

LES OGSÅ:

Stansa av rasfare

Ideen om helsehotellet er mange år gamal, men på grunn av byggerestriksjonar i Norddal, har det tatt tid. No er Åkneset nøye overvaka, og styresmaktene har gitt klarsignal om at det er trygt å bygge her. Berg sjølv spøker med at hotellet skal ha vasstett tilfluktsrom når flodbølga kjem.

– Denne dagen har vore etterlengta. Ein stor draum har gått i oppfylling, seier Berg.

Valldal fjordhotell

Glenn Hole, Erik Berg og Bjørn Inge Ruset på tomta til Valldal fjordhotell

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Manglar rom

Innovasjon Noreg er med og støttar prosjektet nettopp fordi det er nytenkande å kombinere hotelldrifta med helse. Muritunet har nyleg vunne eit stort anbod frå NAV på rehabilitering og manglar plass. Dagleg leiar Glenn Hole, seier at hotellet blir viktig.

– Vi har 60 rom og sengeplassen er sprengt. Vi treng og plass til kurs og konferansar, seier Hole.

Ikkje risikabelt

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset (Ap) seier at helsehotellet er viktig for kommunen si satsing på turisme og helse.

– Det at det tok litt ekstra tid, gjorde at produktet har blitt veldig bra, seier Ruset.

Det meiner også Erik Berg. Han er ikkje redd for at hotellet skal bli eit risikoprosjekt i nedgangstidene. Tomta er stor nok til å utvide til 120 rom dersom det skulle bli aktuelt i framtida.

– Nettopp det nære samarbeidet med Muritunet, gjer at prosjektet er mindre risikabelt, seier Berg.

Valldal

I Valldal blir det satsa sterkt på turisme og helse.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK