Bjørnen har teke 50 sau til no i år. Illustrasjonsfoto.
I går blei det funne 3 nye ihelslegne sauer, og til no i år har bjørnen teke livet av 50 sauer i Sunndal og Oppdal.
Forsyner seg
- Dette understrekar kor alvorleg situasjonen har vore heile tida, seier viltforvaltar i Møre og Romsdal, Ulf Lucassen. - Her er bjørn i området, og med nokre dagars mellomrom forsyner han seg av saueflokken, seier Lucassen.
Første runde av jakta tok til sjuande juni. og sidan då har sju lokale jegarar hatt løyve til å jakte på bjørnen. I tillegg har ein røynd bjørnejeger frå Statens Naturoppsyn bidratt.
Frykteleg ubehageleg
Sauebonde Hallvard Hagen på Gjøra, er uroa over at bjørnen i lang tid har fått herje fritt i fjellet. No krev han at meir ressursar blir sett inn i jakta.
- Dette er ein frykteleg ubehageleg situasjon, det har gått føre seg i to månader, det er bestemt at bjørnen skal bort og då må vi setje inn dei ressursane som trengs, seier bonde Hallvard Hagen.
- Stortinget har sagt at dei bjørnane som skal bort, skal takast effektivt, og det som har skjedd til no har ikkje vore godt nok, seier han.
Statens naturoppsyn
Viltforvaltar Lucassen seier at i tillegg til at det dei prøver å få med fleire lokale jegarar med på jakta, så bør Statens naturoppsyn ha bjørnejakta som topp prioritet. For sjølv om innsatsen til dei lokale jegarane er bra, er arbeidet svært vanskeleg utan gode kunnskapar om bjørn.
- Det er klart at dette er vanskeleg, ingen av dei som lever i dette området har noko erfaring med bjørnejakt, dette er noko nytt, og då må ein samle seg kunnskap om kva ein bjørn vil velge å gjere i ulike situasjonar, og det er ikkje gjort over ei natt, seier Lucassen.