Hopp til innhold

Tidenes oktoberver gir millionar av haustbilde

Det uvanlege høgtrykket over store deler av landet fører til at nordmenn tek tusenvis av bilde av den norske naturen kvar einaste dag.

Silje Tangen tek bilde av fire gutar 2

Dei fire gutane hoppar gjerne på kommando. F.v. Timian Olsen, Jonatan Tangen Solevåg, Adrian Madsen og Maximilian Botten. Silje Tangen sørgar for at motivet blir fanga på mobilen.

Foto: Synnøve Hole

Silje Tangen i knallgul jakke og brune krøllar trykkjer på knappen og sikrar seg endå eit blinkskot denne hausten. Sonen og dei tre kompisane hoppar av glede i strandkanten i Ålesund - og mor er fornøgd med å fange det på rullen.

Det uvanlege høgtrykket over store deler av landet har ført til at "alle" tek bilde og deler på Facebook, Instagram og Snapchat.

Du får fanga slike fine augneblink på eit bilde no. Du får litt ekstra hjelp når det er finever, slår Tangen fast.

Ho er ivrig turgåar og hobbyfotograf, og strekar under at regnversbilde også er bra. Men vedgår at sol frå skyfri, knallblå oktoberhimmel er noko spesielt.

Mari Dorte Michaelsen tek bilde av Marita Klokk og dottera

Mari Dorte Jønland Michaelsen fotograferer Marita Klokk og dottera i fineveret.

Foto: Synnøve Hole

Les også:

"Superhøgtrykk" over Noreg

Meteorologane gjekk sist veke ut og omtalte fineveret som eit "superhøgtrykk", og forklarte at det var rekordkraftig for oktober å vere. Det har sett fart på fotofingeren hos mange.

Rune Håkonsen

Strategisk rådgjevar Rune Håkonsen i NRK seier nordmenn elskar å snakke om veret.

Foto: NRK

Rune Håkonsen, som er strategisk rådgjevar for sosiale medier i NRK, slår fast at fine bilde gjer seg ekstra godt i sosiale medier. Han meiner nordmenn har ei særeigen interesse for å snakke om ver, og at vi no har teknologi til å gjere det, i form av bilde på til dømes Facebook og Instagram.

– Vi bruker også sosiale medier for å vise oss fram. No kan ein vise at ein er ute i friluft på ei årstid der det vanlegvis ikkje er så fint ver. Nokre ser nok sitt snitt til å vise at dei er friskusar, seier han.

Les også:

Hadde tenkt ut motivet før trilleturen

Utsikt frå Emblemssanden

Dette motivet hadde Mari Dorte Jønland Michaelsen tenkt ut før ho gjekk ut på trilletur tidlegare denne veka. Mottakaren fekk sjå kaffikoppen og barnevogna, med Borgundfjorden i bakgrunnen.

Foto: Mari Dorte Jønland Michaelsen

Venninnene Mari Dorte Jønland Michaelsen og Marita Klokk er på trilletur med bayane sine i fineveret. Michaelsen har eit klart mål: den kvite benken på Emblemssanden i Ålesund.

Der vil ho ta bilde av seg sjølv med ein kaffikopp i handa og med barnevogna framfor. Ho har med fille til å tørke av den doggvåte benken og termos med kaffi.

- Eg planla å ta bilde av akkurat denne utsikta, ja, og tenkte å sitje på benken dersom han var ledig, ler ho. 32-åringen seier ho har tatt ein del ekstra bilde dei siste dagane, men at ho for det meste sender det som snap til dei aller næraste.

Denne gongen er det ektemannen som får eit lite glimt av kvardagen til henne og sonen.

- Eg får nok ein smiley tilbake, eller ein kommentar av typen "der skulle eg jo gjerne ha vore", smiler ho.

Mot Runde i Herøy
Foto: Tor-Henrik Furmyr

NRK Møre og Romsdal får inn svært mange fine naturbilde frå ivrige sjåarar og lyttarar. Ein del blir delte på instagram-kontoen til NRK Møre og Romsdal. Eit utval av dei blir også vist i tv-sendinga vår klokka 18.45 på NRK1.