Hopp til innhold

No prøver han igjen

Basehopparen Richard Henriksen har ikkje tatt skrekken etter nesten-ulykka i Eikesdalen i Nesset tidlegare i haust. No vil han gjenta stuntet i Sunndal.

Under innspilling av Are Osens nye serie «Normal galskap», gikk det fryktelig galt for basehopper Richard Henriksen. Turnstanga knekker idet han skal til å kaste seg utfor en 1200 meter høy fjellhylle i Eikesdal i Møre og Romsdal.

Basehopping går galt under innspilling

Basehopparen var berre centimeter frå døden, då han fall utfor den 1200 meter lodrette fjellveggen Strandkolvet i Eikesdal tidlegare i sommar. Nesten-ulykka skjedde då han turna i svingstanga på kanten av fjellet.

No vil han gjenta stuntet i Sunndal, skriv Tidens Krav.

Men det spørs om han får lov. Ifølgje avisa er han avhengig av løyve til å lande med helikopter ved Dalanebba, og saka skal seinare i dag behandlast av Dovrefjell nasjonalparkstyre. Tilrådinga frå sekretariatet er å avslå saka.

"Alle vil sjå"

Svingstangulykke i Eikesdal

Her går det gale...

Foto: Bjørn M. Øverås

NRK-videoen av legen og fembarnsfaren som fell utfor fjellkanten har gått som ein farsott over heile verda. Berre i løpet av nokre få dagar hadde klippet blitt vist over ein million gongar.

Les meir:

Skjedde under opptak

Are Sende Osen

Programleiar Are Sende Osen i programmet 'Normal galskap'.

Foto: Uka-TV

Nesten-ulykka skjedde under eit NRK- opptak med programleiar Are Sende Osen. Han reiser rundt i landet for å lage innslag til TV- programmet «Normal galskap» som hadde premiere i oktober.

Denne gangen skulle han lage eit innslag med turnarar og basehopparane Richard Henriksen og André Bach Strandkolvet i Eikesdal, 1200 meter over havet. Dei hadde montert ei svingstang ytterst på fjellsida som dei skulle gjere øvingar i og til slutt eit basehopp.

Det gjekk bra. Så vidt det var.

Basehopper unnslapp døden så vidt da utstyret kollapset.

Turnstunt som går galt - fra annen vinkel