Meldt opp mot 30 grader i Møre og Romsdal

– Kom deg ut og nyt vêret, er oppmodinga frå meteorologen. Onsdag kjem endeleg sommarvêret, men det varar ikkje lenge.

Sola

Onsdag og torsdag er det venta sol og høge temperaturar i Møre og Romsdal.

Foto: @oslomarkalove / Instagram

– Dagen byrjar med ein del regnbyer, men vêret vil lette utover dagen og kvelden, først i den sørlege delen av fylket og så den nordlege, seier Anne Solveig Andersen, statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Andersen fortel at innbyggarane i Møre og Romsdal kan forvente stigande temperaturar og solglimt utover onsdag ettermiddag.

– I dag kan vi få opp i mot 25 grader fleire stadar i fylket, seier ho.

Opp mot 30 grader torsdag

Torsdag er det venta meir av det fine vêret og enno høgare temperaturar, lovar meteorologen.

Anne Solveig Andersen

Kom deg ut og nyt vêret er oppmodinga frå meteorologen.

Foto: Marit Hommedal

– I morgon er det venta opp mot 30 grader. Det blir mindre vind og stort sett sol heile dagen, seier Andersen.

Men det fine vêret varar ikkje lenge. Allereie på fredag er det meldt om nedbør og lågare temperaturar. Noko betre er utsiktene for laurdag og søndag.

– Neste veke blir det lågare temperaturar, så dei finaste dagane med høge temperaturar blir i dag og i morgon, så det er berre å kome seg ut i finvêret og nyte det, seier Andersen.

Sjå den oppdaterte vêrmelding på yr.no.

Kaldaste juni på fleire år

Andersen har sett på temperaturane for juni og bekreftar det dei fleste av oss har merka: Det har vore langt frå sommartemperatur.

– Temperaturen har vore eit par grader under normalen, så det er ikkje tvil om at juni har vore kaldare i år, seier ho.

– Juli har fått ein bra start, så vi får berre håpe det held seg, held ho fram.